Tveitgruva
Utsjånad
Tveitgruva er ei nedlagd feltspatgruve på Tveit i Flatebygd i Evje. Ho ligg få meter sør for fylkesveg 306 (Gautestadvegen), rett før ein kjem til Tveit-grenda på veg frå Evje kyrkje mot Flatebygd. Flåtfjellet gruve ligg bare eit par hundre meter unna. I Tveitgruva skal det ha blitt teken ut 5000-6000 tonn feltspat før gruva var tom.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Feltspatkompaniet - hundre år sidan starten, artikkel i Arnstein, 2013, s. 57-67