Olaf Engestøl: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Omdirigerer til Olaf Engestøl jr.
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Olaf Engestøl
Line 1: Line 1:
#Redirect:[[Olaf Engestøl jr.]]
'''Olaf Engestøl''' (født 1937) fekk [[Kulturprisen i Iveland kommune]] på bygdekvelden i Iveland 17. mai 2006. Leiar i levekårsutvalget i Iveland, Olav Mjåland, delte ut prisen på 4000 kroner og eit diplom, blomar og eit gåvekort.
 
Olaf Engestøl er særleg kjent som rosemålar. Han har hatt over tusen sørlendingar på rosemålingskurs. Som ung gutt starta han eit malefirma, og det førte til at både han og tvillingbroren melde seg på eit malekurs i Ryfylke. Dei visste ikkje då at det var tale om rosemåling, men læraren der, Knut Hovden frå Høydalsmo, fekk både Olaf og tvillingbroren interessert. Sidan har han halde på med rosemåling, og det er blitt hundrevis av bollar, fat, kubbestolar og kister. Etter kvart kom og ønske om at han skulle halde kurs, og sidan 1967 har han hatt årlege rosemålingskurs, nokre år opp til ti kurs, både ute ved kysten og oppover i Setesdal.
 
Ei anna interesse har vore arbeidet på [[Frøysådalen bedehus]], der han har vore kasserar i svært mange år, og der han også har vore sundagsskulelærar. Han har og vore kasserar i idrettslaget og ansvarleg for idrettsmerket. Han har og vore aktiv på ski, i 1951 vann han [[Trollrennet]] på [[Evje]]. Då var han 14 år. I ei årrekke har han og gått Sesilåmi. Det året han fekk kulturprisen, hadde han gått [[Sesilåmi]] 20 gonger. Han er æresmedlem i [[Iveland idrettslag]].
 
==Eksterne lenker==
*[http://www.iveland.kommune.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2200 ''Kulturprisen til Olaf Engestøl''. Artikkel hos Iveland kommune]
*[http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article366753.ece?redir=true Odd I. R. Uleberg: ''Kulturpris til rosemaling-mester''.] Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 23. mai 2006
 
{{DEFAULTSORT:Engestøl, Olaf}}
[[Kategori:Personer fra Iveland kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1937]]

Versjonen frå 26. september 2011 kl. 18:48

Olaf Engestøl (født 1937) fekk Kulturprisen i Iveland kommune på bygdekvelden i Iveland 17. mai 2006. Leiar i levekårsutvalget i Iveland, Olav Mjåland, delte ut prisen på 4000 kroner og eit diplom, blomar og eit gåvekort.

Olaf Engestøl er særleg kjent som rosemålar. Han har hatt over tusen sørlendingar på rosemålingskurs. Som ung gutt starta han eit malefirma, og det førte til at både han og tvillingbroren melde seg på eit malekurs i Ryfylke. Dei visste ikkje då at det var tale om rosemåling, men læraren der, Knut Hovden frå Høydalsmo, fekk både Olaf og tvillingbroren interessert. Sidan har han halde på med rosemåling, og det er blitt hundrevis av bollar, fat, kubbestolar og kister. Etter kvart kom og ønske om at han skulle halde kurs, og sidan 1967 har han hatt årlege rosemålingskurs, nokre år opp til ti kurs, både ute ved kysten og oppover i Setesdal.

Ei anna interesse har vore arbeidet på Frøysådalen bedehus, der han har vore kasserar i svært mange år, og der han også har vore sundagsskulelærar. Han har og vore kasserar i idrettslaget og ansvarleg for idrettsmerket. Han har og vore aktiv på ski, i 1951 vann han TrollrennetEvje. Då var han 14 år. I ei årrekke har han og gått Sesilåmi. Det året han fekk kulturprisen, hadde han gått Sesilåmi 20 gonger. Han er æresmedlem i Iveland idrettslag.

Eksterne lenker