Tor Hoslemo: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
orto
Tomhom (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Line 3: Line 3:
'''Tor Hoslemo''' (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå [[Bykle kommune]] både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i [[Setesdal]]. Dei viktigaste er [[Marton Laksesvela]] og [[Vidar Lande]], og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.  

Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på [[Blakstad videregående skole]] og påbyggingsår for å få studiekompetanse på [[Hornnes vidaregåande skule]].  
Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på [[Blakstad videregående skole]] og påbyggingsår for å få studiekompetanse på [[Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes]].  

I 2009 gav han ut plata ''[[Dalstroka innafor]]'' saman med [[Gard Nergaard]] frå Øyslebø og [[Johanne Flottor]]p frå Åmli. Plata vart gjeven ut av [[Agder Folkemusikkarkiv]] i samarbeid med [[Etnisk Musikklubb]] og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.

Versjonen frå 10. mai 2011 kl. 20:23

Tor Hoslemo

Tor Hoslemo (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå Bykle kommune både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Dei viktigaste er Marton Laksesvela og Vidar Lande, og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.

Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på Blakstad videregående skole og påbyggingsår for å få studiekompetanse på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes.

I 2009 gav han ut plata Dalstroka innafor saman med Gard Nergaard frå Øyslebø og Johanne Flottorp frå Åmli. Plata vart gjeven ut av Agder Folkemusikkarkiv i samarbeid med Etnisk Musikklubb og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.

Kjelder

  • Informasjon frå coveret til Dalstroka innafor side 2

Eksterne lenker