Reisa til Valle: Skilnad mellom versjonar
Reisa til Valle |
→Eksterne lenker: omkat |
||
| Line 37: | Line 37: | ||
[[Kategori:Filmer]] | [[Kategori:Filmer]] | ||
[[Kategori:Kultur i Valle]] | [[Kategori:Kultur i Valle]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Mai 2011]] | ||
Versjonen frå 7. mai 2011 kl. 19:55

Reisa til Valle er ein film laga av elevar i 9. klasse på Valle skule våren 2011. FIlmen vann Barnefilmfestivalen i Kristiansand si kortfilmtevling og elevane kunne onsdag 4. mai 2011 hente heder og ein sjekk på 10.000 kroner i Kristiansand. Dagen etter vart dei gratulerte av ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, som spanderte is og champagnebrus på elevane.
Handling
Filmen handlar om eit par byfolk, Amalie og Markus, som har kjøpt seg ein hotellweekend i Valle over internett. I Valle må dei gå 500 meter til hotellet, så dei er slitne når dei kjem fram. Dei forstår heller ikkje kva hotelleigaren seier, og ber om ordbok. Men hotelleigaren syner dei til nettsida vallemal.no, for ordbok har han ikkje. Filmen endar med at gjestene kastar hotellverten i ei søppelkasse.
Deltakarane
Elevane starta å lage filmen vare tre dagar før fristen for å levere. Dei som var med, var
- Heloise Sverdrup Lund, Amalie
- Knut Røysland, Markus
- Jon Hallvard Rysstad, hotelleigar
Dei andre elevane i klassen kom med idear og var med under arbeidet med filmen:
- Martine Egeli,
- Bjørnar Støle,
- Maria Ødeskaug,
- Annbjørg Trydal Jansen,
- Knut Olav Homme og
- Tone Åmlid Haugeland.
Kontaktlærar for klassen er Astrid Kyte.
Teknisk informasjon
- Lengde: 90 sekund
- Stad: Tveitetunet
- Musikk: Jamie Lodberg
- Opptak: Mobilkamera
- Redigering: Windows Moviemaker
Kjelder
- Ole Birger Lien: Valle-elevar vann filmpris. Artikkel i Setesdølen nr. 35, 2011 side 7