Ane Gunhild Uleberg: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
bilde |
lenker |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*Ole Birger Lien: ''Bygningsvernar på plass.'' Artikkel i Setesdølen nr. 97, 2013 side 5 | *[[Ole Birger Lien]]: ''Bygningsvernar på plass.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 97, 2013]] side 5 | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
Versjonen frå 14. desember 2013 kl. 13:53

Ane Gunhild Uleberg (fødd 1981) vaks opp på Uleberg i Dåsvassdalen og gjekk på Hornnes vidaregåande skule, der ho var ferdig i 2000. Deretter studerte ho på NTNU i seks år. I studietida var ho knytta til studentmagasinet Under Dusken som teiknar.
Ho er arkitekt frå 2007. Frå januar 2008 til 2013 var ho tilsett som arkitekt i arkitektfirmaet Eliassen og Lambertz-Nilssen Arkitekter AS. Men frå 2013 er ho tilsett som bygningsvernar på Bygningsvernsenteret i Aust-Agder. Setesdalsmuseet er kontorstaden hennar, men ho fartar mykje rundt i dalen for å gje råd om bygningsvern til kommunar og private. Som første oppgåve vil ho leie arbeidet med å restaurere husmannsplassen Slengen på Rygnestad.
I Oslo spelte ho handball for Grüner Håndball.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Bygningsvernar på plass. Artikkel i Setesdølen nr. 97, 2013 side 5