Jarebu: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Kort om Dagsturhytta Agder
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Merka løype
Line 2: Line 2:


Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, [[Dagsturhytta Agder]], der [[Agder fylkeskommune]], Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med.  
Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, [[Dagsturhytta Agder]], der [[Agder fylkeskommune]], Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med.  
Det går merka turstig opp til Jarebu med start frå [[Bykle ljosløype]].


== Historie ==
== Historie ==

Versjonen frå 3. juli 2023 kl. 06:58

Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho står på Jarekollen (960 moh.), og blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune eig hytta. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskapsarkitektur og bygd av HL Bygg.

Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, Dagsturhytta Agder, der Agder fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med.

Det går merka turstig opp til Jarebu med start frå Bykle ljosløype.

Historie

Hytta blei sett opp i 2022. Grunnarbeidet blei utført sommaren 2022 av kommunen. Gravemaskin blei frakta opp med helokopter. Sommarvikarer i kommunen var med og utførte forskaling og støyping av fundament og oppfylling av masse i byggegropa. Dei bar også opp materialer for dette arbeidet. Sjølve hytta blei frakta opp med helikopter og sett opp i oktober 2022. Ho fekk namnet Jarebu etter ein namnekonkurranse der dette alternativet fekk flest stemmer.

Kjelder

Kart

Laster kart ...