Skjoldmøynuten: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av toppen
Line 1: Line 1:
[[Fil:Skjoldmøynutane Bygland 221017.jpg|miniatyr|høyre|Skjoldmøynuten, omtrent midt i biletet, [[22. oktober 2017]]. Nokon kallar heile «fjellrekka» for Skjoldmøynutane, då det skal ha vore sju skjoldmøyer som gjekk i stein. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Skjoldmøynutane Bygland 221017.jpg|miniatyr|høyre|Skjoldmøynuten, omtrent midt i biletet, [[22. oktober 2017]]. Nokon kallar heile «fjellrekka» for Skjoldmøynutane, då det skal ha vore sju skjoldmøyer som gjekk i stein. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Skjoldmøynuten Bygland 240623.jpg|mini|høgre|Toppen av Skjoldmøynuten [[24. juni 2023]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Skjoldmøynuten''' er eit fjell (654 moh.) mellom [[Frøysnes]] og [[Ose]], sør for [[Reiårsfossen]], på vestsida av [[Åraksfjorden]], i [[Bygland]].  
'''Skjoldmøynuten''' er eit fjell (654 moh.) mellom [[Frøysnes]] og [[Ose]], sør for [[Reiårsfossen]], på vestsida av [[Åraksfjorden]], i [[Bygland]].  



Versjonen frå 25. juni 2023 kl. 08:08

Skjoldmøynuten, omtrent midt i biletet, 22. oktober 2017. Nokon kallar heile «fjellrekka» for Skjoldmøynutane, då det skal ha vore sju skjoldmøyer som gjekk i stein.
Toppen av Skjoldmøynuten 24. juni 2023.
Foto: Geir Daasvatn

Skjoldmøynuten er eit fjell (654 moh.) mellom Frøysnes og Ose, sør for Reiårsfossen, på vestsida av Åraksfjorden, i Bygland.

Johannes Skar har skrive om skjoldmøyane, som altså har gitt namn til fjellet, i eit stykke i Arne Garborg sitt vekeblad Fedraheimen 23. mars 1878:

SitatPaa Vestheiderne heldt Skjoldmøyarne seg. Dei var vænare enn andre Kvende, store og sterke. Kvila eller Sengi deira er aa sjaa på Heidi midt upp fyre «Støylehommen». Ho er hoggi i Fjellet og er seks Alner lang. Støylehoms-Nuten ris opp dikt inn-med, paa Vestheidi av Dalen, paa Snid fyre Austad-Kyrkja; der sat dei tidt og spila so vænt. Dei reid yver Heiderne og blæs paa Horn. Det er mange, som kann Slaatten deira enno: han heiter «Skjoldmøyslaget», han gjekk so vænt, at Folk laut graata, når dei høyrde han. [---] Skjoldmøyarne saag sin sidste Dag paa Støylehoms-Nuten. Ein Sundag, med Presten preikad i Austad-Kyrkja, fekk Almugen høyre so vænt eit Spil: det var Skjoldmøyarne, som sat på Støylehoms-nuten og spilad Skjoldmøyslaget. Folket kunde ikkje sitja stille; dei gjekk ut den eine etter den andre. Presten varad dei med; men sidstpaa stod han einsam etter i Kyrkja. Daa gjekk han ut paa Kyrkjegarden og bannstøytte Skjoldmøyarne; dei gjekk i Stein; etter som andre segjer, døydde dei og vart nedsette med Tjostebekke; det er ein støyl inkje langt ifraa Støylehoms-Nuten.Sitat
– Johannes Skar

Kjelder