Minnesteinen etter Arbeidstenesta: Skilnad mellom versjonar
s Dato for oppl. fra Sigmund MOnen |
s Språkpuss |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
Etter omlegging av vegen rett vest for busetnaden på Galteland, står steinen i dag tett attmed ei sløyfe av den gamle veglina på [[Fylkesveg 42]]. | Etter omlegging av vegen rett vest for busetnaden på Galteland, står steinen i dag tett attmed ei sløyfe av den gamle veglina på [[Fylkesveg 42]]. | ||
I berget rett ovafor den svære steinhella er det hogd eit ornament inn i sjølve fjellet. Lokalhistorikar Sigmund Monen meiner det er det eigentlege minnesmerket, og at steinen var for øving. | I berget rett ovafor den svære steinhella er det hogd eit meir forseggjort ornament inn i sjølve fjellet. Lokalhistorikar Sigmund Monen meiner det er det eigentlege minnesmerket, og at steinen var for øving. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 17. april 2023 kl. 07:17


Minnesteinen etter Arbeidstenesta er ei flat steinhelle med inskripsjonar som blei sett opp på Galteland rundt 1944, til minne om utgravinga av Galtelandskanalen som Arbeidstenesta utførte i åra 1942–1944. Det var befalet som bestemte at steinen skulle reisast. Ein av gutane i troppen, Torvald Eide, hogde til innskrifta i steinen. Det skulle eigentleg ha stått Galtelandskanalen og Bygget av Agder- og Rogalandsgutter på steinen også. Men dei innskriftene kan ikkje ha blitt ferdige.
Etter omlegging av vegen rett vest for busetnaden på Galteland, står steinen i dag tett attmed ei sløyfe av den gamle veglina på Fylkesveg 42.
I berget rett ovafor den svære steinhella er det hogd eit meir forseggjort ornament inn i sjølve fjellet. Lokalhistorikar Sigmund Monen meiner det er det eigentlege minnesmerket, og at steinen var for øving.
Kjelder
- Jørg Gotfredsen som var med i Arbeidstenesta under krigen, i Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 142
- Sigmund Monen, opplysninger gitt i samtale med Geir Daasvatn på Moisund bedehus 27. februar 2023