Lisbeth Ravneberget: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Rettet opplysningene om samboer etter innspill fra søster Solveig
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde = Lisbeth_Ravneberget_ca_1999.jpg | bildetekst = | fdag =21 | fmåned = 5| får =1963 | ddag = | dmåned = | dår =2010  }}
{{Person | bilde = Lisbeth_Ravneberget_ca_1999.jpg | bildetekst = | fdag =21 | fmåned = 5| får =1963 | ddag = | dmåned = | dår =2010  }}
'''Lisbeth Palm Ravneberget''' var fødd 1963 i [[Evje]] og døydde i 2010 på Mysen. Lisbeth var fengselsbetjent og fotballspelar. Ho var gift med Runar Palm. Foreldra var [[Greta Ravneberget]] og [[Odd Ravneberget]]. Ho hadde tre eldre sysken; [[John-Ole Ravneberget]], [[Odd-Gullik Ravneberget]] og [[Solveig Ravneberget]] (Tulla). Familien flytta til Evje i samband med at faren Odd arbeidde i Forsvaret og fekk stilling som idrettsoffiser på [[Evjemoen]]. Odd vart òg den aller fyrste formannen i [[Otra IL]], då klubben blei stifta i 1960.  
'''Lisbeth Palm Ravneberget''' var fødd 1963 i [[Evje]] og døydde i 2010 på Mysen. Lisbeth var fengselsbetjent og fotballspelar. Ho var sambuar med Runar Elverhøy. Foreldra var [[Greta Ravneberget]] og [[Odd Ravneberget]]. Ho hadde tre eldre sysken; [[John-Ole Ravneberget]], [[Odd-Gullik Ravneberget]] og [[Solveig Ravneberget]] (Tulla). Familien flytta til Evje i samband med at faren Odd arbeidde i Forsvaret og fekk stilling som idrettsoffiser på [[Evjemoen]]. Odd vart òg den aller fyrste formannen i [[Otra IL]], då klubben blei stifta i 1960.  

Lisbeth vart tidleg ei svært allsidig idrettsjente. Ho var aktiv i fleire av gruppene i Otra, men kanskje fyrst og framst i [[handballgruppa]] og [[fotballgruppa]]. Ho var i svært ung alder trenar og ei drivande kraft i handballaget til Otra IL som klarte å spele seg fram til 3. divisjonsspel i handballsesongen 1979/80. Ho spelte også på kretslaget i handball. Sist på 1970-talet var ho ein entusiastisk pådrivar for å få til eit damelag i fotball i Otra, og ho var den dominerande spelaren på dette laget i fleire år. Våren 1981 blei ho saman med ei anna jente frå Agder teken ut til å vere med på landslagssamling i Oslo for kvinnelege fotballspelarar. Under oppveksten i Evje, og medan ho framleis representerte Otra IL, vart ho også krinsmeister i langrenn fleire gonger.

Versjonen frå 28. april 2021 kl. 20:34

Lisbeth Ravneberget
Født: 21. mai 1963
Død: 2010 (alder 46–47)

Lisbeth Palm Ravneberget var fødd 1963 i Evje og døydde i 2010 på Mysen. Lisbeth var fengselsbetjent og fotballspelar. Ho var sambuar med Runar Elverhøy. Foreldra var Greta Ravneberget og Odd Ravneberget. Ho hadde tre eldre sysken; John-Ole Ravneberget, Odd-Gullik Ravneberget og Solveig Ravneberget (Tulla). Familien flytta til Evje i samband med at faren Odd arbeidde i Forsvaret og fekk stilling som idrettsoffiser på Evjemoen. Odd vart òg den aller fyrste formannen i Otra IL, då klubben blei stifta i 1960.

Lisbeth vart tidleg ei svært allsidig idrettsjente. Ho var aktiv i fleire av gruppene i Otra, men kanskje fyrst og framst i handballgruppa og fotballgruppa. Ho var i svært ung alder trenar og ei drivande kraft i handballaget til Otra IL som klarte å spele seg fram til 3. divisjonsspel i handballsesongen 1979/80. Ho spelte også på kretslaget i handball. Sist på 1970-talet var ho ein entusiastisk pådrivar for å få til eit damelag i fotball i Otra, og ho var den dominerande spelaren på dette laget i fleire år. Våren 1981 blei ho saman med ei anna jente frå Agder teken ut til å vere med på landslagssamling i Oslo for kvinnelege fotballspelarar. Under oppveksten i Evje, og medan ho framleis representerte Otra IL, vart ho også krinsmeister i langrenn fleire gonger.

På byrjinga av 1980-talet flytta ho frå bygda for å utvikle seg vidare som fotballspelar. Det klarte ho til gagns, for ho vart ein av dei beste og mest trufaste fotballspelarane i norsk kvinnefotball. Ho spelte først i Vennesla-klubben Vindbjart (frå 1981). Frå 1982 var ho i Kristiansands-klubben Radar, og debuterte då i 1. divisjon. Hausten 1983 melde ho overgang til toppklubben Setskog (seinare Setskog/Høland), som hadde vunne 1. divisjon sesongen føre. Ho blei verande i denne klubben i mange år, og spelte fleire hundre kampar i 1. divisjon. Totalt skal ho ha spelt 464 kampar for klubben, og vore med på A-laget deira i 16 sesongar. Høgdepunktet var nok i 1992, då Lisbeth var med på laget til Setskog/Høland som vann cupfinalen - Noregsmeisterskapen - det året. I 1998 vart ho kåra til "Årets spelar" i klubben. Etter at ho slutta på A-laget i toppserien, var ho trenar i klubben.

Lisbeth var aktiv fotballspelar heilt fram til 2009 i Mysen IF Fotball. Ho døydde av kreft hausten 2010 og blei gravlagd frå Mysen kyrkje fredag 12. november 2010.

Utmerkingar

  • Noregsmeister i fotball for kvinner i 1992 med Setskog/Høland