Kjetil Jore: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
ein start |
lenkefiks |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde =Kjetil Jore.jpg | bildetekst = | fdag =5 | fmåned =11 | får =1911 | ddag =10 | dmåned =11 | dår =2002 | }} | {{Person | bilde =Kjetil Jore.jpg | bildetekst = | fdag =5 | fmåned =11 | får =1911 | ddag =10 | dmåned =11 | dår =2002 | }} | ||
'''Kjetil Jore''' (fødd 5. november 1911, død 30. november 2002) var bonde i [[Valle]]. Han var svært oppteken av sau og gav ut [[ | '''Kjetil Jore''' (fødd 5. november 1911, død 30. november 2002) var bonde i [[Valle]]. Han var svært oppteken av sau og gav ut [[Markebok for Valle]] i 1972. Han laga sjølv ei minnebok frå livet, og opplysningane her er tekne frå den. | ||
== Barndom og oppvekst == | == Barndom og oppvekst == | ||
Versjonen frå 11. april 2020 kl. 21:30
| Kjetil Jore | ||
|---|---|---|
| Født: | 5. november 1911 | |
| Død: | 10. november 2002 (91 år) | |
Kjetil Jore (fødd 5. november 1911, død 30. november 2002) var bonde i Valle. Han var svært oppteken av sau og gav ut Markebok for Valle i 1972. Han laga sjølv ei minnebok frå livet, og opplysningane her er tekne frå den.
Barndom og oppvekst
Foreldra til Kjetil Jore var Torleiv (Tellef) Hallvardson Dale (1881 - 1931) som i 1907 vart gift med Gunhild Olavsdotter (Bø) Jore (1884 - 1964). Dei var tremenningar, Hallvard Pålson Dale, Kjetil Jore sin farfar, kjøpte gard for dei i Jore.
| Sitat | estefar Olav Pålson Bø og kona Anlaug åtte Sagneskard gr.nr. 41, br.nr.1. Dei var like gamle og fødde i 1859. Då konfirmantane låg på kne runt altarringen, tok bestefar seg ut den jenta han vilde ha. Det var 'kje so dumt. Sagneskardkarane åtte alle tri gardane og vel so det. Eldste bror til bestemor var biksen i bygda -bankkasserar og postopnar. Første kona hans var frå Heimegard Røysland. Seinare gifte han seg med Anne Bjørnarå. Olav Olson Sagneskar var farbror til Bestemor. Første kona hans var Birgit Stensdatter Berge som døydde barnlaus. Ei or dei seks døtrene til Olav H. Kyrvestad vart den andre kona hans. Ho gjekk under namnet:: Minste Gunnhild. Og hadde vore gift før. Ei onnor til dei tri vart gardkone på Bø (Røyso) -seinare mor til bestefar. Grunnen til at besteforeldra mine fekk Sagneskar, var at Minste Gunnhild og Gunnhild O. Bø (Røyso var søster). | Sitat |
Kjetil Jore vaks opp hos besteforelda i Sagneskar.
| Sitat | Ei ny verd opna seg for meg. Der på garden var kyr, sauer og ei hoppe som fekk føl ender og då. Bestefar var av og til på hestehandel noko som var vanleg i den tida. Tidlegt vart eg glad i sauer. Eg hadde ein som eg kalla Gudla. Han var spak etter alle godbitane han fekk. Om våren kjette lamba seg rundt mødrene sine og i flokk ute på jordet. Det var vår og framtida såg ljos og god ut. På helgedagane tok me det med ro. I skora over åren hekk ei gryte med kjøtsuppe. Det putra og sau i den. Til dogurds fekk me flotmylje. Då det var undangjort, tok husfaren Luthers huspostil og las teksta for dagen. Det var hardt for ein ung kropp å halde seg i ro under lesinga. Eg gjekk på sundagsskule, og no og då på oppbyggjingsmøte. Gunnar Holen frå Bykle var ein kjend talar. Han lika eg å høyre på. Første heimskrigen var vanskeleg å koma igjennom. Mange vernepliktige vart innkalla til nøytralitetsvakt. Fleire av dei vart så sjuke at det stod om livet. Det var spanskesjuken som herja. Mange vart førde til Valle kyrkjegard i den tida. Tårevåte kinn var ofte å sjå. Dei gret for dei døde. Bestefar og eg slapp sjuken. Bestemor, morsyster Tore, morbror Pål og Olav vart sjuke og låg til sengs. Alle vart heldigvis friske att. | Sitat |
Skulegang
Småskulen gjekk Kjetil Jore i Åkre skule. Sidan gjekk han på Homme og Tveitebø skule.
| Sitat | Omsider kom eg i skulepliktig alder. Skulehuset stod på Åkre, Olav Brottveit var lærar. I skulen var han avhalden og tolmodet hans rakk langt. I friminutta slo me ball, gjette sugge og slo på ringen. Om vinteren var me i skibakken som låg i nærleiken av skulen. Some var reine storhopparane. Av og til kunde det vera gnuffing og slagsmål, men det gjekk over,kameratane vart gode vener som aldri før. (...) Skulen kravde sitt i Homme og Tveitebø skulehus. Knut Kyrvestad var lærar. Han tolde lite piksor som some av elevane fann på. Siste skuledagen føre jol skulde «Bjørnarågåva» delast ut. Eg hadde sett fram til den dagen og vona at eg skulde få den. Den gjekk til ein annan av elevane som var yngre enn eg. Tydeleg og klårt visa det at eg var kje noko skuleeksempel. | Sitat |