Thor II: Skilnad mellom versjonar
lenkefiks |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Thor 2 ved Dampsaga, 1965..jpg|thumb|Thor II {{byline| | [[Fil:Thor 2 ved Dampsaga, 1965..jpg|thumb|Thor II ved Dampsaga på Byglandsfjord 1965 {{byline|[[Reidar Tveito]]}}]] | ||
'''Thor II''' var ein slepebåt som vart brukt i tømmerfløtinga på [[Byglandsfjorden]]. Den vart sett på vatnet [[7. juni 1961]] og var i bruk til 1977 då dei siste stokkane vart sendt på vatnet. Båten er 30 fot lang og veg 12 tonn. Han var bygd ved [[Høivolds Mekaniske verksted]] i Kristiansand. | '''Thor II''' var ein slepebåt som vart brukt i tømmerfløtinga på [[Byglandsfjorden]]. Den vart sett på vatnet [[7. juni 1961]] og var i bruk til 1977 då dei siste stokkane vart sendt på vatnet. Båten er 30 fot lang og veg 12 tonn. Han var bygd ved [[Høivolds Mekaniske verksted]] i Kristiansand. | ||
Siste versjonen frå 6. januar 2020 kl. 15:04

Thor II var ein slepebåt som vart brukt i tømmerfløtinga på Byglandsfjorden. Den vart sett på vatnet 7. juni 1961 og var i bruk til 1977 då dei siste stokkane vart sendt på vatnet. Båten er 30 fot lang og veg 12 tonn. Han var bygd ved Høivolds Mekaniske verksted i Kristiansand.
Då tømmerfløtinga tok slutt i Setesdal, vart båten flytta til Ålefjærfjorden, der han også vart brukt til å slepe tømmer. Då dette vart slutt, overtok Per Kristian Vindi frå Lillesand båten og nytta han som anleggsbåt i Blindleia i samband med hyttebygging der. Sidan vart han lagt i opplag ved Åkerøya i Høvåg. Men hausten 2000 samla Bjorens venner inn 60.000 kroner og fekk båten tilbake til Byglandsfjorden. Planen var å restaurere han og få han i drift. Slik gjekk det ikkje. I kulturminneplan for Bygland frå 2018 heiter det at han står lagra i ei løe i Grendi.
Kjelder
- Slepebåten Thor II tilbake i Bygland. Artikkel i Setesdølen nr. 103, 2000 side 4