Nordstog Dalen (Bykle gnr. 6 bnr. 1): Skilnad mellom versjonar
→Historie: litt mer om reguleringa |
s →Kjelder: Heimar og folk i Bykle |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[https://www.norgeskart.no/#!?project=seeiendom&layers=1002,1015&zoom=13&lat=6616482.16&lon=68571.24&markerLat=6617178.692947725&markerLon=69084.15983581249&panel=searchOptionsPanel&sok=Bratt%C3%A5ker&showSelection=false Norgeskart.no] | *[https://www.norgeskart.no/#!?project=seeiendom&layers=1002,1015&zoom=13&lat=6616482.16&lon=68571.24&markerLat=6617178.692947725&markerLon=69084.15983581249&panel=searchOptionsPanel&sok=Bratt%C3%A5ker&showSelection=false Norgeskart.no] | ||
*[https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Nordstog_Dalen_(Bykle_gnr_6/1) Aanund Olsnes i artikkelen om Nordstog Dalen i Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki] | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 2. februar 2019 kl. 23:20

Nordstog Dalen er eit gardsbruk (gnr. 6 bnr. 1) i Skarketjønndalen, på garden Vatnedalen sin grunn, i Bykle. Bruket ligg ved Løyningsvegen, ikkje så langt nedanfor den minste (den nordlegaste) av dei to svære steinfyllingsdammane i Vatnedalen.
Historie
Ein reknar med at bnr. 1 var det opphavelege hovudbølet i Vatnedalen, med bruksnamnet Der Sø frå rundt år 1700. På den tida, lenge før Vatndalsvatnet blei demd opp, låg busetnaden i Vatnedalen innover mot vestre enden av vatnet.
I 1912 gav Stortinget konsesjon til Otteraaens Brugseierforening for regulering av Vatnedalsvatnet. Vatnet skulle hevast 6 m og senkast 2,5 m i forhold til opphaveleg vasstand. I 1916 kom arbeidet med dambygginga igang. Heile reguleringa var ferdig i 1921. Då var det bygd dam, og også grave kanal i Vatnedalsosen. Husa kom til å verta ståande på tørt land etter oppdemminga. Men det var att så lite dyrka jord at grunnlaget for gardsdrift var borte. I tillegg ville reguleringa øydelegge den viktige isvegen om vinteren. Det var derfor ikkje anna å gjere enn å flytte.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Aanund Olsnes i artikkelen om Nordstog Dalen i Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki