Rota: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 7: Line 7:


[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Hornnes]]

Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:26

Rota hausten 2014.

Rota er eit lite småbruk (bnr. 2) under garden Øvre Dåsvatn i nordenden av Dåsvatn i Dåsvannsdalen heilt nord i Hornnes.

Hans Ånonson skal ha vore den fyrste til å rydde og dyrke jorda i Rota. Plassen høyrde då til bruket Der Inne, aust (bnr. 1) på Øvre Dåsvatn. Dette kan ha skjedd rundt 1850-talet. I 1878 ble Rota skild frå bnr 1 og vart eit sjølvstendig bruk. Det var då Morten Aslakson som eigde bruket. I 1911 kjøpte Syvert Olson eigedomen. Han døydde ugift i 1925, og systera Anna Uleberg overtok bruket saman med ektemannen John S. Uleberg.

Det er ikkje fast busetnad i Rota i dag, men eigedomen blir nytta til fritidsbustad.