Brokke Mini Tour 2014: Skilnad mellom versjonar
s Småpuss |
s Lagt til et par kategorier |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Kultur i Valle]] | [[Kategori:Kultur i Valle]] | ||
[[Kategori:Sport]] | |||
[[Kategori:Arrangement i Valle]] | |||
Versjonen frå 12. februar 2017 kl. 12:48
Brokke Mini Tour 2014 vart arrangert for første gong laurdag 8. februar 2014 og sundag 9. februar 2014. Arrangementet var sett saman av eit kretsrenn i klassisk stil laurdag og bakkeløpet opp alpinbakken i Brokke Alpinsenter sundag. Laurdagens renn var for alle klassar med løyper 3,5 og 10 km i Lysløypa i Brokke. Rennet sundag gjekk først ei kort løype i fristil, deretter 1150 meter med stigning på 250 høgdemeter til målet på toppen av alpinbakken. Dette var i 2014 det einaste bakkeløpet i Agder og Rogaland skikrets. Arrangørar var Valle IL og Brokke Alpinsenter.
Premiering
For rennet laurdag var det vanleg premiering.
For rennet sundag var det i tillegg sett opp ein premie på eit utviklingsstipend på 10.000 kroner frå Valle Sparebank til vinnaren i klassene for kvinner og menn under 23 år. Vinnarar vart Elin Uppstad, Valle IL, på tida 19.03 og Gaute Kvåle, Røldal IL, på tida 15.43.[1]
Referanser
- ↑ Ole Birger Lien: Stipend til unge talent. Artikkel i Setesdølen nr. 12, 2014 side 12