Hopp til innhald

Kjebekken: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: lenkefiks
Line 7: Line 7:
   
   
==Kjelder==
==Kjelder==
*Oddmund Mogstad, ''Vassdragsnamn i Evje og Hornnes'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2009, s. 30-37
*Oddmund Mogstad, ''Vassdragsnamn i Evje og Hornnes'', artikkel i [[Arnstein 2009]], s. 30-37
*Oddmund Mogstad, ''Gardsnamn i Evje'', artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2008, s. 33-38
*Oddmund Mogstad, ''Gardsnamn i Evje'', artikkel i [[Arnstein 2008]], s. 33-38


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 20. november 2016 kl. 08:22

Kjebekken i skogen nedover mot Galteland. Foto: Geir Daasvatn

Kjebekken er ein liten bekk som renn ut av områda oppover mot Gjengninghei aust i Evje og Hornnes kommune, ikkje så langt frå grensa mot Iveland kommune. Bekken renn i nord-vestlig retning nedover i terrenget, forbi gardane Kleggetveit og Kjebekk, og ut i Bjoråna (Galtelandsåna) på Galteland.

Den lokale naturkjennaren og historikaren Oddmund Mogstad har ein teori om at Kjebekken er parnamn med Gymsåna. Begge desse to elvene kjem frå same staden, områda innover mot Gjengninghei. «Kje» i Kjebekken kjem truleg av geitekje, medan «Gym» i Gymsåna kan kome frå gimre, ungsau.

Garden Kjebekk har namn etter bekken som renn forbi.

Kjelder

  • Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, s. 30-37
  • Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, s. 33-38

Eksterne lenker

Bilete frå Kjebekken på Flickr

Kart

Laster kart ...