Frøysnes skule: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av bygningen
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Skomedal skule
Line 2: Line 2:
'''Frøysnes skule''' var ein grendeskule på [[Frøysnes]] i [[Bygland]] frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket [[Storrvollen (Frøyså)|Storrvollen]].  
'''Frøysnes skule''' var ein grendeskule på [[Frøysnes]] i [[Bygland]] frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket [[Storrvollen (Frøyså)|Storrvollen]].  


Skulehuset ligg rett på nedsida av [[Riksveg 9]]. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og [[Skomedal]] saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på Skomedal.  
Skulehuset ligg rett på nedsida av [[Riksveg 9]]. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og [[Skomedal]] saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på [[Skomedal skulehus|Skomedal skule]].  


Etter krigen kom det ei mjølkerute i gang. Då kunne dei få elevane på Frøysnes ta ruta det korte stykket ned til Skomedal. Grendeskulen på Frøysnes blei lagt ned. Den siste læraren var [[Kristian Stubseid]].  
Etter krigen kom det ei mjølkerute i gang. Då kunne dei få elevane på Frøysnes ta ruta det korte stykket ned til Skomedal. Grendeskulen på Frøysnes blei lagt ned. Den siste læraren var [[Kristian Stubseid]].  

Versjonen frå 12. november 2016 kl. 21:41

Frøysnes skule 2016.

Frøysnes skule var ein grendeskule på Frøysnes i Bygland frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket Storrvollen.

Skulehuset ligg rett på nedsida av Riksveg 9. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og Skomedal saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på Skomedal skule.

Etter krigen kom det ei mjølkerute i gang. Då kunne dei få elevane på Frøysnes ta ruta det korte stykket ned til Skomedal. Grendeskulen på Frøysnes blei lagt ned. Den siste læraren var Kristian Stubseid.

I 1955 overdrog Bygland kommune skulehuset til bygdelaget på Frøyså. I nokre år blei bygget brukt til ulike samankomstar. I 1990 blei straumen kutta. Etter det har bygningen stort sett stått tom. I dag (2016) er han prega av eit visst forfall.

Kjelder