Hopp til innhald

Oppigard (Frøysnes): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Fornminne
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: kart
Line 10: Line 10:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 142  
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 142  
*[http://gardskart.skogoglandskap.no/map.html?komm=0938&gnr=19&bnr=1&fnr=0 Gardskart på nett]


[[Kategori:Garder i Bygland]]
[[Kategori:Garder i Bygland]]

Versjonen frå 12. november 2016 kl. 20:51

Fil:Frøysnes Bygland 111116 (1).jpg
Frøysnes sett frå Lundarhalsen. Oppigard til venstre, Nedgarden i midten og Nordigard til høgre.

Oppigard er eit gardsbruk (gnr. 19 bnr. 1) på Frøysnes i Bygland. Ei tid, ca. 1862-1884, eigde familien Seippel garden. Familiefaren, Ferdinand Seippel, fekk då garden namna om til Sonnenberg. Ingebjørg Frøysnes Berg har garden i dag. Mannen hennar, Erling Berg, døydde i november 2016.

Fornminne

På garden er det eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, og som heiter Lundarhalsen. Her fann ein langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Fagfolk frå Oldsaksamlinga som undersøkte funnet nærare meinte det kunne vere ein gamal gravplass, men meir truleg ein offerstad for guden Frøy.

Historie

Siri Pålsdotter eigde garden i 1670. Ho var dotter til Pål Olavson Frøysnes, som eigde heile Søndre Frøysnes til 1660. Siri var mest truleg enke etter Salve Salveson Ose. Etter 1670 blir alle spor etter desse folka borte, heter det i gards- og ættesoga for Bygland.

Kjelder