Monen (Evje og Hornnes gnr. 35): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Rettet skrivefeil |
s Rettet en kategori |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
*Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 470 | *Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 470 | ||
[[Kategori:Garder i Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 3. oktober 2016 kl. 12:00
Monen er ein gard (gnr. 35) på nordsida av Bjørndalsvatnet vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. I eldre tider blei han kalla «Moen vestre», for å skille han frå eit gardsbruk på Moseid som også heitte Monen. Det er mange år sidan det har vore fast busetnad på garden. Men mange av fritidsbustadene på nordsida av Bjørndalsvatnet, langs Sollivegen, Mathølvegen og Matkronvegen, ligg på Monen sin grunn.
Historie
Første gong Monen er nemnd som eigen gard er i futerekneskapen for 1664. Før dette var han truleg husmannsplass, kanskje under Steinsland som ligg i vestre enden av Bjørndalsvatnet. Den første oppsittaren ein kjenner til i Monen var Tore Torgeison Monen. I 1865 budde det sju menneske i Monen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 679-684
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 470