Breive: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Rettet skrivefeil |
s Endret kategori |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
{{#display_map: 59.574257822584,7.278320499463007~Breive Hovden}} | {{#display_map: 59.574257822584,7.278320499463007~Breive Hovden}} | ||
[[Kategori:Bykle]] | [[Kategori:Garder i Bykle]] | ||
Versjonen frå 18. november 2015 kl. 11:04
Breive er ei grend i Bykle kommune, nord-vest for Hovden, langs nordsida av Breivevatnet, øvst i Setesdal. Grenda har utvikla seg frå Breivegardane, som er gardsnummer 1 i kommunen. Bustadene i Breive er stort sett gardsbruk. Det er også ein god del fritidsbustader i området.
Pollenanalysar syner at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden. Andre kjelder stadfestar at det temmeleg sikkert har budd folk på Breive året rundt frå 500-talet til kring 1350, og sidan frå midten av 1500-åra.
Kjelder
- Om Breive på lokalhistoriewiki.no (Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, 2006)