Birkeland (Bygland): Skilnad mellom versjonar
Birkeland (Bygland) |
s Rettet tegnsetting |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Birkeland (Bygland gnr. 1) er ein gard på austsida av [[Otra]], lengst nord i [[Bygland]]. På andre sida av elva ligg Langeid. Garden er samla i eitt stykke. I vest grensar han til Otra, i nord mot Straume i Valle, og i aust og sør mot Søndre Sordal. | '''Birkeland (Bygland gnr. 1)''' er ein gard på austsida av [[Otra]], lengst nord i [[Bygland]]. På andre sida av elva ligg Langeid. Garden er samla i eitt stykke. I vest grensar han til Otra, i nord mot Straume i Valle, og i aust og sør mot Søndre Sordal. | ||
== Namnet == | == Namnet == | ||
Versjonen frå 8. oktober 2015 kl. 08:56
Birkeland (Bygland gnr. 1) er ein gard på austsida av Otra, lengst nord i Bygland. På andre sida av elva ligg Langeid. Garden er samla i eitt stykke. I vest grensar han til Otra, i nord mot Straume i Valle, og i aust og sør mot Søndre Sordal.
Namnet
Birkeland er eit vanleg gardsnamn i Sør-Noreg. Til dømes er det ein Birkeland-gard i Evje og Hornnes. Namnet skriv seg frå treslaget bjørk, altså ein stad der det veks bjørk.[1]
Historie
Det er registrert fornminne på Birkeland, mellom anna 16 gravrøyser som no er borte. Fornminna skriv seg truleg frå førkristen tid. Sett i samanheng med land-namnet, ein type gardsnamn som forskarane meiner stammar frå folkevandringstida, kan garden truleg ha kome til frå år 400-600 e.Kr.[2]
I Bygland - Gard og ætt skriv Reidar Vollen at garden må ha blitt nedlagt som eigen gard. Truleg vart han lagt øyde før den store nedgangen rundt midten av 1300-talet. Sidan kom garden under nabogarden Sordal, og blei nytta som støyl og utmark. I åra rundt 1630-1640 blei Birkeland eigen gard att.[3] Dei første brukarane ein kjenner til var Orm Tellefson Birkeland (født ca 1599, død ca 1668) og Notto Tellefson Sordal (født ca 1605, død ca 1673).[4]
Referansar
<references>
- ↑ Reidar Vollen, Bygland - Gard og ætt, bind 1, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 17
- ↑ Bygland - Gard og ætt, side 17
- ↑ Bygland - Gard og ætt, side 19
- ↑ Bygland - Gard og ætt, side 26 og 60