Knut Knutson Vatnedalen: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Lagt til en kategori |
s →Kjelder |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Knut Gjerden]], ''Bykle kultursoge'', utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 321–326 | *[[Knut Gjerden]], ''Bykle kultursoge'', utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 321–326 | ||
*[[Olav O. Tveiten]], ''Rosemåling frå Setesdal'', stykke i [[Jol i Setesdal 1977]], side 11–12 | |||
{{DEFAULTSORT:Vatnedalen, Knut K.}} | {{DEFAULTSORT:Vatnedalen, Knut K.}} | ||
Siste versjonen frå 3. mai 2026 kl. 06:03
| Knut Knutson Vatnedalen | ||
|---|---|---|
| Født: | 12. juni 1813 | |
| Død: | 30. juli 1899 (86 år) | |
Knut Knutson Vatnedalen (fødd 12. juni 1813 i Vatnedalen, død 30. juli 1899) var spelemann, snikkar, målar og rosemålar i Bykle. Han var ungkar all si tid. Han budde mykje hos andre, som busete, og blei mykje kalla «Buseten». Han skal ha vore den første som brukte hardingfele i Setesdal. Han var rekna som ein av dei beste spelemennene i sin generasjon. Han skal også ha vore ein av dei beste snikkarane og rosemålarane i dalen.
I Bykle kultursoge er det skrive:
| --- Det gjekk med han som med det gjekk med mange eldre, einslege. Han kom på fattigkassa. Den 30. juli 1899 døydde han av slag. Etter namnet hans i kyrkjeboka står: fattiglem, ungkar. Og det var ofte måten kommune og stat lønte sine mest gåverike menn på | ||
| – Knut Gjerden | ||
Kjelder
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 321–326
- Olav O. Tveiten, Rosemåling frå Setesdal, stykke i Jol i Setesdal 1977, side 11–12