Kolandsheia: Skilnad mellom versjonar
s Orto |
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Bjelland bru Mandalselva 140117.jpg|miniatyr|høyre|[[Bjelland bru]] på Fv-462. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Bjelland bru Mandalselva 140117-2.jpg|miniatyr|høyre|[[Bjelland bru]] på Fv-462. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Kolandsheia''' er strekninga mellom [[Hægeland]] i [[Vennesla]] og [[Bjelland]] i [[Marnardal]]. Vegen her, [[Fylkesveg 462 (Vest-Agder)|Fylkesveg 462]], vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart. | '''Kolandsheia''' er strekninga mellom [[Hægeland]] i [[Vennesla]] og [[Bjelland]] i [[Marnardal]]. Vegen her, [[Fylkesveg 462 (Vest-Agder)|Fylkesveg 462]], vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart. | ||
Siste versjonen frå 26. juni 2025 kl. 06:35

Kolandsheia er strekninga mellom Hægeland i Vennesla og Bjelland i Marnardal. Vegen her, Fylkesveg 462, vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart.
Historie

Den første vegen frå Bjellandsbrua til Sylvskardet blei bygd i 1862, og var i bruk til 1923.
I 1892 tok arbeidet på Setesdalsbanen til. Det var klart at jernbanen måtte få konsekvensar for kommunikasjonane i mange bygder i indre Agder. Det var om å gjere å få vegar fram til banen. Eit vegsamband frå Bjelland over Kolandsheia til Hægeland tvinga seg no fram. Amtstinget drøfta dette sambandet i 1892. Men først i 1894 løyvde amtstinget pengar til vegen. Andre som bidrog til å finansiere vegen var Bjelland og Grindheim kommunar, private interessentar, Setesdalsbanen og Kristiansands Brændevinssamlag. Vegen stod ferdig i 1897.[1]
1923 blei noverande veg bygd. Det var nødvendig med betre veg for å få fram utstyr til Skjerka kraftverk i Åseral og for at rutebilane, og tømmer- og stavlass skulle kome fram.[2]
Kjelder
- Vegarbeid på Kolandsheia. Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2013 side 2
Referansar
- ↑ Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 67–68
- ↑ Opplyst av Trygve Haugland på Facebooksida Dalstroka innanfor 30. april 2019