Nere Aakhus: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
+meir info
Siri J (diskusjon | bidrag)
utvida noko
Line 1: Line 1:
'''Nere K. Aakhus''' (fødd 13. juli 1891 i [[Bygland]], død 28. januar 1945 i Dachau) var [[Liste over ordførarar i Bygland|ordførar i Bygland]] for Venstre frå 1935.  
'''Nere Kjetilson Aakhus''' (fødd 13. juli 1891 i [[Bygland]], død 28. januar 1945 i Dachau) var ein kjøpmann, bonde, offiser i den norske hær og [[Liste over ordførarar i Bygland|ordførar i Bygland]] for Venstre frå 1935.  


Nere var son til Kjetil Bygland (1865-1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868-1894). I 1913 vigde han Birgit, fødd Moi (1890-1967), og dei fekk etterkvart tre born. Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg på [[Aakhus]] i Bygland, og under 2. verdskrigen leia han Milorg i Setesdal. 16. desember 1942 vart han arrestert. Aakhus sat fengsla i Kristiansand og på Grini til 10. juni 1943, då han vart sendt til Tyskland der han døydde av flekktyfus i konsentrasjonsleiren Dachau.  
Nere var son til Kjetil Bygland (1865-1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868-1894). I 1913 vigde han Birgit, fødd Moi (1890-1967), og dei fekk etterkvart tre born. Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg på [[Aakhus]] i Bygland.
 
== Andre verdskrigen i Setesdal==
10. april 1940 fekk kaptein Aakhus kommandoen over eit nyoppsatt kompani forlagt til [[Evjemoen|militærleiren på Evjemoen]] som skulle syte for vakthald og evakuering av forråd<ref>''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'', Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 112.</ref>. Han blei divisjonsintendant 12. april, og i boka ''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'' får han dette ettermælet på side 178:
{| style="float: center; margin-left: 1em; margin-bottom: 1em; border: #B0C4DE solid 1px; background: #FFFFE0;"
|-----
|«...''Som hjemmehørende og ordfører i Bygland, kjøpmann, gårdbruker og dertil en dyktig offiser, ville kaptein Aakhus<br />utvilsomt i det lange løp ha kunnet gjøre meget for å bringe orden og regelmessighet i forsyningene. Nå kom han til for sent. ...»''
|-----
|}
 
Nere K. Aakhus sin uppgåve som divisjonsintendant var ikkje enkel, og generalmajor Einar Liljedahl (distriktskommandosjef) sine ord i ein rapport til Hærens overkommando om stoda i Setesdal 14. april fortel mykje om forholda i dalen:
{| style="float: center; margin-left: 1em; margin-bottom: 1em; border: #B0C4DE solid 1px; background: #FFFFE0;"
|-----
|«...''Feltbataljonen erklærte seg i går aftes ukampdyktig <...> De improviserte nyoppsetninger <...> mangler tren og delvis utstyr. Forsyningen er kritisk. Dalen er overfylt med evakuerte som delvis sulter. Forbindelsen med Telemakr synes i dag truet. ...»''<ref>''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'', Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 179.</ref>
|-----
|}
 
Kapteinen sytte for å få fram nokre forsyningar til Øvre Setesdal frå Skien og Lista, brødbaking på [[Landeskogen]], ved [[Ose]] og på [[Rysstad]], nedslakting av dyr til middagsmat. Det siste gav andre problem, det fantest ikke feltkjøkken i Setesdal og mange avdelingar mangla kokekar. Frå 13. april var han sjef for forsyningsstasjonen i [[Valle]], og Aakhus arbeidde for å samle så mykje forråd som mogleg i dei bakre linene. Han rapporterer at forråda er relativt gode når det gjeld til dømes mel, sukker, smør, hermetikk osb, medan kaffi, havregryn og poteter er nært nok umogleg å få fatt i<ref>''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'', Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 201.</ref>.
 
Det var eit godt samarbeid med lensmannen i Valle, og med hans hjelp fekk dei tillatelse til å skyte villrein i [[Bykleheiane]].
 
==Milorg==
Etter kapitulasjonen leia Nere Aakhus Milorg i Setesdal. 16. desember 1942 vart han arrestert. Aakhus sat fengsla i Kristiansand og på Grini til 10. juni 1943, då han vart sendt til Tyskland der han døydde av flekktyfus i konsentrasjonsleiren Dachau.  


==Kjelder==
==Kjelder==
Line 8: Line 30:
*Byglandssoga side 122
*Byglandssoga side 122
*O.S.: ''Kaptein Nere Aakhus død i fangenskap''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 15. mai 1945.
*O.S.: ''Kaptein Nere Aakhus død i fangenskap''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 15. mai 1945.
*''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'', Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953.
<references />
{{start boks}}
{{Verv
| Forgjenger = [[Jørund Kvaale]]
| Hva = [[Liste over ordførarar i Bygland|Ordførar i Bygland]]
| Startår = 1935
| Sluttår = 194?
| Etterfølger = ?
}}
{{slutt boks}}


{{DEFAULTSORT:Åkhus, Nere}}
{{DEFAULTSORT:Åkhus, Nere}}

Versjonen frå 10. desember 2013 kl. 14:05

Nere Kjetilson Aakhus (fødd 13. juli 1891 i Bygland, død 28. januar 1945 i Dachau) var ein kjøpmann, bonde, offiser i den norske hær og ordførar i Bygland for Venstre frå 1935.

Nere var son til Kjetil Bygland (1865-1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868-1894). I 1913 vigde han Birgit, fødd Moi (1890-1967), og dei fekk etterkvart tre born. Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg på Aakhus i Bygland.

Andre verdskrigen i Setesdal

10. april 1940 fekk kaptein Aakhus kommandoen over eit nyoppsatt kompani forlagt til militærleiren på Evjemoen som skulle syte for vakthald og evakuering av forråd[1]. Han blei divisjonsintendant 12. april, og i boka Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet får han dette ettermælet på side 178:

«...Som hjemmehørende og ordfører i Bygland, kjøpmann, gårdbruker og dertil en dyktig offiser, ville kaptein Aakhus
utvilsomt i det lange løp ha kunnet gjøre meget for å bringe orden og regelmessighet i forsyningene. Nå kom han til for sent. ...»

Nere K. Aakhus sin uppgåve som divisjonsintendant var ikkje enkel, og generalmajor Einar Liljedahl (distriktskommandosjef) sine ord i ein rapport til Hærens overkommando om stoda i Setesdal 14. april fortel mykje om forholda i dalen:

«...Feltbataljonen erklærte seg i går aftes ukampdyktig <...> De improviserte nyoppsetninger <...> mangler tren og delvis utstyr. Forsyningen er kritisk. Dalen er overfylt med evakuerte som delvis sulter. Forbindelsen med Telemakr synes i dag truet. ...»[2]

Kapteinen sytte for å få fram nokre forsyningar til Øvre Setesdal frå Skien og Lista, brødbaking på Landeskogen, ved Ose og på Rysstad, nedslakting av dyr til middagsmat. Det siste gav andre problem, det fantest ikke feltkjøkken i Setesdal og mange avdelingar mangla kokekar. Frå 13. april var han sjef for forsyningsstasjonen i Valle, og Aakhus arbeidde for å samle så mykje forråd som mogleg i dei bakre linene. Han rapporterer at forråda er relativt gode når det gjeld til dømes mel, sukker, smør, hermetikk osb, medan kaffi, havregryn og poteter er nært nok umogleg å få fatt i[3].

Det var eit godt samarbeid med lensmannen i Valle, og med hans hjelp fekk dei tillatelse til å skyte villrein i Bykleheiane.

Milorg

Etter kapitulasjonen leia Nere Aakhus Milorg i Setesdal. 16. desember 1942 vart han arrestert. Aakhus sat fengsla i Kristiansand og på Grini til 10. juni 1943, då han vart sendt til Tyskland der han døydde av flekktyfus i konsentrasjonsleiren Dachau.

Kjelder

  • Våre falne side 588
  • Agderposten 22. mai 1945
  • Byglandssoga side 122
  • O.S.: Kaptein Nere Aakhus død i fangenskap. Artikkel i Fædrelandsvennen 15. mai 1945.
  • Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953.
  1. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 112.
  2. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 179.
  3. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 201.


Forgjenger:
 Jørund Kvaale 
Ordførar i Bygland
(1935–194?)
Etterfølger:
 ?