Fiskevegen: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ) |
|||
| Line 23: | Line 23: | ||
==Kart== | ==Kart== | ||
{{ | {{ | ||
#display_points: | #display_points: | ||
59.131507,7.513777; | 59.131507,7.513777; | ||
59.134503,7.514777 | 59.134503,7.514777 | ||
Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 11:59
Fiskevegen er ein nesten attgrodd sti mellom Nomeland og Uppstad i Valle kommune. Vegen er rask/skjot å gange, men er også kjend for å vere kronglut.
Vegen begynner nederst nokre meter aust for brua med rv9 over Kåvåne, og fører opp til Uppstadvegen ved den skarpaste svingen øvst i den brattaste strekninga. Sjølve traseen er ikkje lett å sjå, men går antakelig nesten som ei rett linje på kartet, i to bratte kneiker med ei lita slette mellom og i begge ender.
Vegen har også ei avgreining oppi bakken til Grindeskard.
Stev
Eit kjent stev av Olav K. Uppstad frå Nomeland lyder slik:
«Fiskevegjen æ' vond'e gange,
men Oppstadjenton æ' verre fange.
Fiskevegjen æ' vond'e gå,
men Oppstadjenton æ' verre få.»
Kjelde
- Gards- og ættesoge, Hylestad i Valle kommune, bind 2, side 438
Eksterne lenker
- Sannsynlig trase på kartet, 1:1000
- Sannsynlig trase på kartet, 1:5000
- Track på Google Maps på sannsynlig trase