Apledokk: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Kart |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | [[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | |||
Versjonen frå 26. januar 2024 kl. 06:19

Foto: Geir Daasvatn
Apledokk var ein husmannsplass på garden Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Plassen låg i lia ovanfor sandstranda i Dalebukta, og vart rydda i sameigemark for alle tre bruka på Dale. Husmannen var Torjei Jensson («Dalskjempa»). Han skal ha rydda plassen og flytta dit i 1860. Han blei verande her til han døydde i 1924. Dottera Mari sat i Apledokk til ho døydde i 1941.
Kjelder
- Artikkelen om Dale på Lokalhistoriewiki.no
- Opplysningar gitt av Tormod Tveitå til Geir Daasvatn i E-post dagsett 3. oktober 2016
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 383–384