Minnesteinen etter Arbeidstenesta: Skilnad mellom versjonar
s Språkpuss |
s Ekstra kjelde |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
*[[Jørg Gotfredsen]] som var med i Arbeidstenesta under krigen, i ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, 2003, side 142 | *[[Jørg Gotfredsen]] som var med i Arbeidstenesta under krigen, i ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, 2003, side 142 | ||
*Sigmund Monen, opplysninger gitt i samtale med Geir Daasvatn på Moisund bedehus 27. februar 2023 | *Sigmund Monen, opplysninger gitt i samtale med Geir Daasvatn på Moisund bedehus 27. februar 2023 | ||
*''Kommunedelplan for kulturminner 2019–2024'', EVje og Hornnes kommune, side 21 | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Siste versjonen frå 17. april 2023 kl. 08:48


Minnesteinen etter Arbeidstenesta er ei flat steinhelle med inskripsjonar som blei sett opp på Galteland rundt 1944, til minne om utgravinga av Galtelandskanalen som Arbeidstenesta utførte i åra 1942–1944. Det var befalet som bestemte at steinen skulle reisast. Ein av gutane i troppen, Torvald Eide, hogde til innskrifta i steinen. Det skulle eigentleg ha stått Galtelandskanalen og Bygget av Agder- og Rogalandsgutter på steinen også. Men dei innskriftene kan ikkje ha blitt ferdige.
Etter omlegging av vegen rett vest for busetnaden på Galteland, står steinen i dag tett attmed ei sløyfe av den gamle veglina på Fylkesveg 42.
I berget rett ovafor den svære steinhella er det hogd eit meir forseggjort ornament inn i sjølve fjellet. Lokalhistorikar Sigmund Monen meiner det er det eigentlege minnesmerket, og at steinen var for øving.
Kjelder
- Jørg Gotfredsen som var med i Arbeidstenesta under krigen, i Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 142
- Sigmund Monen, opplysninger gitt i samtale med Geir Daasvatn på Moisund bedehus 27. februar 2023
- Kommunedelplan for kulturminner 2019–2024, EVje og Hornnes kommune, side 21