Åseral kyrkje: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 12: Line 12:
==Kjelder==
==Kjelder==
*Alf Henry Rasmussen: ''Våre kirker. Norsk kirkeleksikon''. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7
*Alf Henry Rasmussen: ''Våre kirker. Norsk kirkeleksikon''. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7
*[[FRans-Arne Hedlund Stylegar]], ''[[Til Guds Ære og Folkets Gavn, Åseral kyrkje 1822–2022]]'', jubileumsbok, utgjeve av [[Åseral sokneråd]], 2022
*[[Frans-Arne Hedlund Stylegar]], ''[[Til Guds Ære og Folkets Gavn, Åseral kyrkje 1822–2022]]'', jubileumsbok, utgjeve av [[Åseral sokneråd]], 2022


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 1. oktober 2022 kl. 07:48

Åseral kyrkje 26. februar 2017.

Åseral kyrkje er ei korskyrkje i tre med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken, som og laga altertavla og døypefonten. Altertavla er eit kors og treskurdsranker i barokk stil. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført i 1822».

Kyrkjeklokka er laga i 1872 av Porsgrunns Mek Verksted. Kyrkja har ein trestol frå 1724 og på alteret ligg Johan Arndts Den sanne kristendom frå 1706, ein Bibel frå 1897 og Kirkesalmebok frå 1870. Orgelet er frå Vestlandske orgelverksted 1960 og har sju register.

Tidlegare kyrkjer

Åseral kyrkje er første gong omtalt i pavelege skriv frå 1282. Kyrkja var restaurert i 1705, då og kyrkjespiret vart smidd av Knut Gunnulvsen Mork. Den gamle kyrkja var ei laftebygd trekyrkje som vart riven i 1822, då noverande kyrkje vart bygd. Våpenhuset i noverande kyrkje er bygd av stokkar frå den gamle kyrkja.

Kyrkjelege handlingar

I 1992 var det 22 gudstenester med gjennomsnittleg besøk på 96 og i snitt 25 til nattverd når det var nattverd. Det var åtte døypte og to konfirmantar, tre vigsler og 12 graverder. Elles var det 15 andre arrangement. Åseral sokn hadde sokneprest og organist, to klokkarar, to kyrkjetenarar, kyrkjeverje og kyrkjelydssekretær. I tillegg til Åseral kyrkje gjorde dei teneste i Åknes kapell og Ljosland kapell.

Kjelder

Eksterne lenker