Aktive Fredsreiser: Skilnad mellom versjonar
Aktive Fredsreiser |
orto |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Aktive Fredsreiser''' er eit selskap med hovudkontor i Risør og avdeling i Bygland. Det | '''Aktive Fredsreiser''' er eit selskap med hovudkontor i Risør og avdeling i Bygland. Det vart etablert i 1998 av [[Helga Arntzen]], som alt i 1992 hadde etablert «Hvite busser til Auschwitz» med formål å ta norsk ungdom, særleg 10. klassingar, på busstur til konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland. I eit pedagogisk opplegg får dei sjå fangeleirane som var i bruk under 2. verdskrigen. | ||
== Landeskogen == | == Landeskogen == | ||
Versjonen frå 9. mars 2013 kl. 21:33
Aktive Fredsreiser er eit selskap med hovudkontor i Risør og avdeling i Bygland. Det vart etablert i 1998 av Helga Arntzen, som alt i 1992 hadde etablert «Hvite busser til Auschwitz» med formål å ta norsk ungdom, særleg 10. klassingar, på busstur til konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland. I eit pedagogisk opplegg får dei sjå fangeleirane som var i bruk under 2. verdskrigen.
Landeskogen
I 2010 kjøpte Helga Arntzen og Aktive Fredsreiser Landeskogen i Grendi for 1 krone av Bygland kommune og etablerte Landeskogen Peace Center med føremål å arrangere leirar for tysk ungdom i Norge. I tillegg ville ho arrangere kurs og konferansar om fred og forsoning. Å ruste opp det store sjukehuset til hotell, vart imidlertid mykje dyrare enn ho hadde tenkt, så kursdeltakarar måtte bu i lavvoar.
Kurs og konferansar
Revsnes Hotell på Byglandsfjord gjekk konkurs i februar 2013. Aktive Fredsreiser kjøpte hotellet for 7,2 millionar kroner + ein halv million for kunst og antikvitetar. Dermed fekk dei ein stad å nyttet til kurs og til å supplere aktiviteten på Landeskogen.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Aktive Fredsreiser kjøper Revsnes Hotell for 7,2 mill. Artikkel i Setesdølen nr. 19, 2013 side 12