Knut Knutson Vatnedalen: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ny side |
s Rettet tegnsetting |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Knut Knutson Vatnedalen (fødd 12. juni 1813, død 30. juli 1899) var spelemann, snikkar, målar og rosemålar i [[Bykle]]. Han var ungkar all si tid. Han budde mykje hos andre, som busete, og blei mykje kalla «Buseten». Han skal ha vore den første som brukte hardingfele i [[Setesdal]]. Han var rekna som ein av dei beste spelemennene i sin generasjon. Han skal også ha vore ein av dei beste snikkarane og rosemålarane i dalen. | '''Knut Knutson Vatnedalen''' (fødd 12. juni 1813, død 30. juli 1899) var spelemann, snikkar, målar og rosemålar i [[Bykle]]. Han var ungkar all si tid. Han budde mykje hos andre, som busete, og blei mykje kalla «Buseten». Han skal ha vore den første som brukte hardingfele i [[Setesdal]]. Han var rekna som ein av dei beste spelemennene i sin generasjon. Han skal også ha vore ein av dei beste snikkarane og rosemålarane i dalen. | ||
I ''[[Bykle kultursoge]]'' er det skrive: | I ''[[Bykle kultursoge]]'' er det skrive: | ||
Versjonen frå 15. april 2021 kl. 21:06
Knut Knutson Vatnedalen (fødd 12. juni 1813, død 30. juli 1899) var spelemann, snikkar, målar og rosemålar i Bykle. Han var ungkar all si tid. Han budde mykje hos andre, som busete, og blei mykje kalla «Buseten». Han skal ha vore den første som brukte hardingfele i Setesdal. Han var rekna som ein av dei beste spelemennene i sin generasjon. Han skal også ha vore ein av dei beste snikkarane og rosemålarane i dalen.
I Bykle kultursoge er det skrive:
| --- Det gjekk med han som med det gjekk med mange eldre, einslege. Han kom på fattigkassa. Den 30. juli 1899 døydde han av slag. Etter namnet hans i kyrkjeboka står: fattiglem, ungkar. Og det var ofte måten kommune og stat lønte sine mest gåverike menn på | ||
| – Knut Gjerden | ||
Kjelder
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 321–326