Rolfsodden: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ny side |
s →Kart |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 58.6614735954116,7.814498080832211}} | |||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
Versjonen frå 3. august 2020 kl. 22:36
Rolfsodden er ein liten odde på den sør-austre enden av Vassendøya rett sør for Byglandsfjord i Bygland.
Kulturminne
I jarnalderen, vikingtida og fram til mellomalderen var det nærast ein industri her, med utvinning av jarn. Før ein skulle bygge ut Byglandsfjord Sag (1986), blei området arkeologisk undersøkt. Det blei funne ei stor smeltegryte, ei hellegryte, som blei sagt å vere ei av dei mest bevaringsverdige i Noreg. Men planar om å ta vare på gryta, og å vise ho fram for folk, blei ikkje noko av. Ved bygging av eit større vassreservoar på sagbruket i 2007, blei utgraven masse lagt ut på Rolfsodden. Då vart spora etter hellegryta borte. Men ho ligg etter alt å døme intakt under grusmassane.
Kjelder
- Reidar Tveito, Kultur- og fornminner omkring Byglandsfjord, Byglandsfjord 2020, side 98-105