Leif Kvinlog: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Leif Kvinlog
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Leif Kvinlog.jpg|thumb|Leif Kvinlog]]
'''Leif Kvinlog''' (fødd 30. august 1954 i Fjotland) er skulefagleg rådgjevar for Bykle og Valle frå september 2011. Han har kontor i Bykle.  
'''Leif Kvinlog''' (fødd 30. august 1954 i Fjotland) er skulefagleg rådgjevar for Bykle og Valle frå september 2011. Han har kontor i Bykle.  



Versjonen frå 26. mars 2013 kl. 14:39

Leif Kvinlog

Leif Kvinlog (fødd 30. august 1954 i Fjotland) er skulefagleg rådgjevar for Bykle og Valle frå september 2011. Han har kontor i Bykle.

Han tok lærarutdanning på Notodden, der han var ferdig i 1978. Deretter var han administarsjonslærar på Møsstrond skule i åtte år. I 1986 kom han til Valle som lærar på Valle skule, der han etter kvart vart inspektør. I 1996 vart han rektor, ei stilling han hadde til 2008. Sidan hadde han ulike jobbar, mellom anna var han rektor på Laudal skule i Marnardal eitt år.

Leif Kvinlog har vore sterkt engasjert i Folkeakademiet og var leiar i Valle Folkeakademi i mange år. Han stod saman med Inger Aamli for å få i gang Kulturveka i Valle. Han er tildelt Folkeakademienes Hedersdiplom. Han var og engasjert i Valle Radio heilt frå starten.

Kjelde