Hopp til innhald

Ellingstjønn (Bygland gnr. 36 bnr. 10): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Segn
Line 5: Line 5:


Ei mindre tomt vart skild frå eigedomen av dåverande eigar [[Halvor Nomeland]] i 1981. Det fekk [[Ellingstjønn II (Bygland gnr. 36 bnr. 24)|bnr. 24 og bruksnamn Ellingstjønn II]].
Ei mindre tomt vart skild frå eigedomen av dåverande eigar [[Halvor Nomeland]] i 1981. Det fekk [[Ellingstjønn II (Bygland gnr. 36 bnr. 24)|bnr. 24 og bruksnamn Ellingstjønn II]].
== Gamalt segn ==
[[Kong Hane]] skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til [[Setesdal]]. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn. Kong Hane fall, og vart gravlagd i [[Hanehaug]] på [[Nese]] i Bygland. Den heilage kvite trollkua hans, [[Audhumbla]], vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla [[Kjyrehaug]].


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 29. desember 2016 kl. 16:24

Ellingstjønn I og II.

Ellingstjønn er eit lite småbruk (gnr. 36 bnr. 10) på austsida av Åraksfjorden, langs Fylkesveg 323 mellom Storstraumen og Sandnes, i Bygland. Ellingstjønn var i gamal tid eigen gard. Men garden blei fråflytta og lagt ned i mellomalderen, og kom under Kvåle. I nyare tid var Ellingstjønn heimestøl for Kvåle.

I 1918 blei ei tomt ved Ellingstjønn skild ut frå Kvåle, med bnr. 10, og seld til Ladislaus Geopold Stumpf. Stumpf dreiv Sommerhjemmet på Bygland i denne tida. Han bygde hus ved Ellingstjønn, og brukte eigedomen som feriestad. I dag er det Elizabeth Åsegård som bur på eigedomen. Ho driv ridesenter her.

Ei mindre tomt vart skild frå eigedomen av dåverande eigar Halvor Nomeland i 1981. Det fekk bnr. 24 og bruksnamn Ellingstjønn II.

Gamalt segn

Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn. Kong Hane fall, og vart gravlagd i HanehaugNese i Bygland. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla Kjyrehaug.

Kjelder