Skilnad mellom versjonar av «Bøgruva»
s (Lenkefiks kobberverket) |
s (Fjernet en feil lenke på Åmli) |
||
Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Valle, Bøgruva (0)W.JPG|thumb|Bøgruva<br /><small>''Foto: Siri Johannessen''</small>]] | [[Fil:Valle, Bøgruva (0)W.JPG|thumb|Bøgruva<br /><small>''Foto: Siri Johannessen''</small>]] | ||
[[Fil:Valle, Bøgruva (1)Wcr.JPG|thumb|Bøgruva<br /><small>''Foto: Siri Johannessen''</small>]] | [[Fil:Valle, Bøgruva (1)Wcr.JPG|thumb|Bøgruva<br /><small>''Foto: Siri Johannessen''</small>]] | ||
'''Bøgruva''' er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i [[Valle kommune]]. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå | '''Bøgruva''' er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i [[Valle kommune]]. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i [[Postkassetrimmen i Valle]]. | ||
==Historie== | ==Historie== |
Versjonen frå 11. september 2016 kl. 08:02
Foto: Siri Johannessen
Foto: Siri Johannessen
Bøgruva er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i Valle kommune. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i Postkassetrimmen i Valle.
Historie
På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Det Sæthersdalske Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld.
Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta.
I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva.
Kart
Sjå også
Kjelder
- Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen: Valle kommune VII Kultursoge side 272
- Alfred Ryningen: Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle side 107