Vatnedalsvegen (Bygland): Skilnad mellom versjonar
s Liten språkvask |
s Geir Daasvatn flyttet siden Vatnedalsvegen til Vatnedalsvegen (Bygland): Unngå sammenblanding med Vatnedalsvegen i Bykle |
(Ingen skilnad)
| |
Versjonen frå 1. juli 2016 kl. 00:06
Vatnedalsvegen er ein 14,2 km lang privat skogsbilveg (bomveg) i Bygland kommune og Åmli kommune. Vegen går bratt oppover lia frå Hovstad i Grendi, nord-austover på heia forbi Tortveittjørni og Tjønnstøylvatnet, vidare opp mellom Jorundstjørni og Grimsdalsvatn, der han svinger meir mot aust forbi vatnet, inn i Åmli kommune og så går sørover forbi Arevatnet på austsida og endar ved Heddevatnet.
Vegen vert driven av Vatnedalsvegen SA. Ein er velkomen til å kjøre på vegen mot betaling av ei bomavgift. I 2014 er denne 120 kr. Avgifta ordnast på mobil/SMS før ein tek til på turen. Ein er sjølv ansvarleg for å sjekke om vegen er open for trafikk.
Vegen vart bygd i 1966-1968. Hunsfos Fabrikker bygde vegen og kjøpte tømmeret som blei blinka og rotkubert - over 30 000 kubikkmeter. Då tømmeret var drive ut, blei vegen levert over til skogeigarane som tok over eigarskapet og vedlikehaldet.
Kjelder
- Oppslag/plakat ved starten av vegen
- Norgeskart.no
- Egil A. Berntsen, Skogsbilvegar i Setesdal, artikkel i Jol i Setesdal, 1983, s. 25-26