Hylje: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Kjelder og referansar == | ==Kjelder og referansar == | ||
* Jansen, Leonhard B. og Alfred Ryningen: «Hylestad - aust» i ''Valle kommune VII Kultursoge'' s. 29, 1994, ISBN 8299133467 | * [[Leonhard Jansen|Jansen, Leonhard B.]] og [[Alfred Ryningen]]: «Hylestad - aust» i ''Valle kommune VII Kultursoge'' s. 29, 1994, ISBN 8299133467 | ||
* Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i ''[[Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad]]'' s. 317, 1983, ISBN 8290300077 | * [[Tarald Nomeland|Nomeland, Tarald]]: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i ''[[Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad]]'' s. 317, 1983, ISBN 8290300077 | ||
* [http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_bla.prl?enhid=140545&avid=31791 Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i ''Norske Gaardnavne'', bind 8, side 224] | * [http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_bla.prl?enhid=140545&avid=31791 Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i ''Norske Gaardnavne'', bind 8, side 224] | ||
{{reflist}} | {{reflist}} | ||
Versjonen frå 15. mai 2015 kl. 18:52
Hylje var ein gard i Valle kommune. Den gav namn til soknet og den tidlegare kommunen Hylestad, men nøyaktig kor den låg er ikkje lengre kjend. Garden var prestegard, og under ei rettssak i 1615 og 1618 kom det fram at gardane Hovet og Bjørgum hadde delt garden mellom seg ein gong etter svartedauen, truleg på 1600-talet.[1]
I august og september 1580 vert garden nemnt i to brev til den nye presten i Valle, Peder Nilsen. Han hadde spurd to tidlegare prestar, Jacob Mikkelsen og Laurits Hansen om kva inntekter dei hadde hatt medan dei rådde i Valle. Båe prestane hadde fått ei tunne korn i landskyld av garden, og seinare motsvarande frå Hovet, Haugen og Bjørgum.
Namnet
Namnet skal ha sitt opphav i det gamalnorske hylr som tyder vasskulp, stillvetne i bekk eller elv.[1] I Setesdal finst fleire namn med Hylje som til dømes Hyljebrokke i Valle og Hyljebakken i Bykle.
Oluf Rygh skriv i Norske Gaardnavne at Hyljes og kyrkjas opprinnelege sted skal finnast i gardsnummer 65 Hovet, sidan garden er nemnd i slik samanhang i stev og andre gamle vers. Områder på Hovet skal og til vanleg kallas Kyrkjebygdí eller i By´gdinn. Som andre argument nemner Rygh at namna Hylisdalen og Hyliskjelle (-kjelda) finst på Hovet sitt område.
Kjelder og referansar
- Jansen, Leonhard B. og Alfred Ryningen: «Hylestad - aust» i Valle kommune VII Kultursoge s. 29, 1994, ISBN 8299133467
- Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
- Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i Norske Gaardnavne, bind 8, side 224
- ↑ 1,0 1,1 Ryningen, Alfred: «Hylje» i Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad s. 7, 1994, ISBN 8299133416.