Notto Olson Løvland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Prøvd å legge inn korrekt personmal
Helland (diskusjon | bidrag)
Line 17: Line 17:
[[Kategori:Bønder]]
[[Kategori:Bønder]]
[[Kategori:Politikere]]
[[Kategori:Politikere]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]

Versjonen frå 10. mai 2015 kl. 13:38

Notto Olson Løvland
Født: 1806
Død: 1891 (alder 84–85)

Notto Olson Løvland (fødd 1806 i Evje, død 1891) var bonde, lokalpolitikar og stortingsmann frå Evje

Foreldra til Notto O. Løvland var Anne Gunnarsdatter Faret og Ola Nottoson Hornnes. Notto sin bror var Gunnar Olson Løvland, far til Jørgen Løvland.

Notto O. Løvland dreiv gardsbruket «Deropp» på Lauvland i Evje. Han utvikla eit nært politisk samarbeid, og venskap, med den kjende lokalpolitikaren Notto Jørgensen Tvedt. Løvland vart betrudd mest alle dei kommunale ombod som var. Han var valmann til heile åtte Stortingsval, 1841-1862. Ved stortingsvalet i 1844 fekk han flest stemmer i Nedenes amt, og kom på Stortinget som førstekandidat frå amtet. Der sat han i åra 1845-1847.

Notto Løvland merka seg lite ut på Stortinget. Han skal ikkje ha tatt nokre sjølvstendige politiske initiativ medan han sat der, og han skal heller ikkje ha hatt ordet på Stortinget sin talarstol. Han sat i budsjettkomiteen. Då forslaget om å oppheve forbodet mot å sleppe jødar inn i landet kom opp i Stortinget i hans tid, stemde han som dei fleste bondetingmenn imot.

Kjelder