Vonde-Åsmund Berg: Skilnad mellom versjonar
s Rettet skrivefeil |
s Ekstra kjelde |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 157–158 | *[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 157–158 | ||
*[[Olav Bø]], ''[[Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum]]'', Det Norske Samlaget, 1991, side 14 | |||
[[Kategori:Segner]] | [[Kategori:Segner]] | ||
[[Kategori:Valle]] | [[Kategori:Valle]] | ||
Siste versjonen frå 24. februar 2022 kl. 12:43
Vonde-Åsmund Berg er ein segnfigur i Valle. Han skulle vere bondelensmann og prestedrepar, kanskje på 1500-talet.
Åsmund kom ein gong for seint til kyrkja. Han gjekk på svære støvlar som knirka og uroa kyrkjelyden, skriv Leonhard Jansen i kultursoga for Valle. Då irettesatte presten han frå talarstolen: «Hør Åsmund hvor han fjerter». Åsmund blei vond, og drap presten då han kom ut etter messa. Ålmugen hevna drapet, ved at Åsmund blei steina i hjel bortforbi kyrkjegarden. Der låg gravhaugen hans heilt til Postvegen kom til Valle midt på 1840-talet. Då blei haugen grave ut. Men ikkje noko spor av Vonde-Åsmund Berg blei funne.
Soga om prestedrapet er ei av dei eldste segnene som er fortalde frå Valle. Gjellebøl skriv om henne alt i 1777. Men det finst ikkje sikre kjelder om nokon død prest, og heller ikkje om ein drapsmann. Så det er uråd å kome til botnar i segna, held Leonhard Jansen fram.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 157–158
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 14