Dreng Olsson Viki (1855–1943): Skilnad mellom versjonar
Ny side: '''Dreng Olsson Viki''' vart fødd på Oppistog Viki (Valle gnr 44/7) i 1855 og døydde i 1943. Han var eldste sonen til Olav Drengsson Rike den yngre (1830–1907) og kona Tone… |
s Presisert kategorien |
||
| (Éin mellomliggjande versjon av éin annan brukar er ikkje vist) | |||
| Line 10: | Line 10: | ||
# Tone (1882, gift med dansk mann i Amerika) | # Tone (1882, gift med dansk mann i Amerika) | ||
# Turid (1885, reiste til Amerika med mannen Daniel Bjørgulvsson Uppstad (f 1879) i 1906) | # Turid (1885, reiste til Amerika med mannen Daniel Bjørgulvsson Uppstad (f 1879) i 1906) | ||
# Tore (1888, gift med Anstein Risteigen frå Numedal (f 1885) og flytte til Rollag) | # Tore (1888, gift med [[Anstein Risteigen]] frå Numedal (f 1885) og flytte til Rollag) | ||
# Ånund (1895–1974) gift med Tone Persdotter Nordgarden (1901–1970) frå Sandnes i Bygland i 1921. Ånund tok over garden etter Dreng. | # Ånund (1895–1974) gift med Tone Persdotter Nordgarden (1901–1970) frå Sandnes i Bygland i 1921. Ånund tok over garden etter Dreng. | ||
| Line 17: | Line 17: | ||
* [https://www.nb.no/nbsok/nb/b5f4a39add2fc84cc35e82eb73ebd837?index=1 I et opptak fra juli 1938] fra NRK via Nasjonalbiblioteket, fortalde han (truleg til [[Sigurd Åmlid]]) frå sitt liv. | * [https://www.nb.no/nbsok/nb/b5f4a39add2fc84cc35e82eb73ebd837?index=1 I et opptak fra juli 1938] fra NRK via Nasjonalbiblioteket, fortalde han (truleg til [[Sigurd Åmlid]]) frå sitt liv. | ||
[[Kategori:Valle kommune]] | [[Kategori:Døde personer fra Valle kommune]] | ||
Siste versjonen frå 29. april 2022 kl. 07:42
Dreng Olsson Viki vart fødd på Oppistog Viki i 1855 og døydde i 1943. Han var eldste sonen til Olav Drengsson Rike den yngre (1830–1907) og kona Tone Bjørnsdotter Kveste (1833– 1907), og Dreng tok over garden etter dei. I 1876 gifta han seg med Signe Ånundsdotter Brottveit (1856–1922).
Dreng gjorde mangt og mykje, som mange gardeigarar på den tida: Han fortalde i ein prat med Sigurd Åmlid i juli 1938 om skule- og lerarar frå barndomen, gard og husdyr, heieslått og seterdrift. Sagbruk inne i Finndalen, og den gongen då sågbladet kappea tærne hans ein dag i februar og han gjekk to mil heim. Dreng fortalde og om den gongen han saman med to andre karar råka i elva under tømmerfløyting nedanfor Hallandsfossen, og gongen då kruttdunken eksplodera i smia heime og han flaug til himmels saman med døra. I folketeljinga 1900 er han postførar, men dreiv og med skyssing – mellom anna skyssa han bispen Heuch fra Valle til Helle.
Foreldra til Dreng tok føderåd på garden i 1891. I 1921 skøytte han garden over til sønen Ånund Drengsson, men sikra seg at han og kona skulle ha rett til å bruke halve eigedomen.
Etterkomarar
- Olav (1878–1878)
- Olav (1880–1957 i Amerika, ugift)
- Tone (1882, gift med dansk mann i Amerika)
- Turid (1885, reiste til Amerika med mannen Daniel Bjørgulvsson Uppstad (f 1879) i 1906)
- Tore (1888, gift med Anstein Risteigen frå Numedal (f 1885) og flytte til Rollag)
- Ånund (1895–1974) gift med Tone Persdotter Nordgarden (1901–1970) frå Sandnes i Bygland i 1921. Ånund tok over garden etter Dreng.
Kjelder og ljodopptak
- Ryningen, Alfred: Valle kommune. 3-6 4 : Gards- og ættesoge Valle, side 299–301. Valle : Valle kommune, 1987. ISBN 8299133432
- I et opptak fra juli 1938 fra NRK via Nasjonalbiblioteket, fortalde han (truleg til Sigurd Åmlid) frå sitt liv.