Edlandsfossen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt oppdatering om utbyggingsplaner
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bytta ut et dårlig bilde med et tilsvarende i bedre utførelse
 
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Vasstøylåni Edansfossen Valle 070715.JPG|miniatyr|Vasstøylsåni med fossen i bakgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Vasstøylåni Edansfossen Valle 070715.JPG|miniatyr|Vasstøylsåni med fossen i bakgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Edlandsfossen Vasstøylsåni Valle 070715.JPG|miniatyr|høyre|Edlandsfossen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
[[Fil:Edlandsfossen Vasstøylsåni Valle 070715-2.jpg|miniatyr|høyre|Edlandsfossen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Edlandsfossen''' (Edansfossen) er ein svær foss i [[Vasstøylsåni]] rett etter utlaupet frå [[Lisle Bjørnevatn]] på fjellet heilt aust i [[Valle kommune]]. Det godkjende namnet på fossen i følge Statens Kartverk er Edlandsfossen. Men lokalt er Edansfossen og Ædansfossen mykje brukt.   

Line 18: Line 18:
{{kart|59.3174970451725,7.48854174540611~Edlandsfossen Valle}}
{{kart|59.3174970451725,7.48854174540611~Edlandsfossen Valle}}

[[Kategori:Fosser]]
[[Kategori:Fosser i Valle]]
[[Kategori:Valle]]

Siste versjonen frå 26. august 2022 kl. 10:16

Vasstøylsåni med fossen i bakgrunnen.
Edlandsfossen.
Foto: Geir Daasvatn

Edlandsfossen (Edansfossen) er ein svær foss i Vasstøylsåni rett etter utlaupet frå Lisle Bjørnevatn på fjellet heilt aust i Valle kommune. Det godkjende namnet på fossen i følge Statens Kartverk er Edlandsfossen. Men lokalt er Edansfossen og Ædansfossen mykje brukt.

Fossen ligg tett attmed Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark, og er eit imponerande syn når vassføringa i elva er stor. Medelvassføring er berekna til 1560 liter i sekundet.

På vegne av eigarane av fallrettane i Vasstøylsåni har Clemens Kraft søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat om løyve til å bygge ut delar av elva med Edlandsfossen med småkraftverket Bjørnevatn kraftverk. Inntaksdam er planlagt på toppen av fossen, medan kraftstasjonen blir liggande 1240 meter nedanfor inntaket. Om utbygginga vert gjennomført, vil vassføringa i fossen bli sterkt redusert.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...