Edlandsfossen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasstøylsåni med fossen i bakgrunnen.
Edlandsfossen.
Foto: Geir Daasvatn

Edlandsfossen (Edansfossen) er ein svær foss i Vasstøylsåni rett etter utlaupet frå Lisle Bjørnevatn på fjellet heilt aust i Valle kommune. Det godkjende namnet på fossen i følge Statens Kartverk er Edlandsfossen. Men lokalt er Edansfossen og Ædansfossen mykje brukt.

Fossen ligg tett attmed Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark, og er eit imponerande syn når vassføringa i elva er stor. Medelvassføring er berekna til 1560 liter i sekundet.

På vegne av eigarane av fallrettane i Vasstøylsåni har Clemens Kraft søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat om løyve til å bygge ut delar av elva med Edlandsfossen med småkraftverket Bjørnevatn kraftverk. Inntaksdam er planlagt på toppen av fossen, medan kraftstasjonen blir liggande 1240 meter nedanfor inntaket. Om utbygginga vert gjennomført, vil vassføringa i fossen bli sterkt redusert.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...