Sikkomodden: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Kart |
s Formatering |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 10: | Line 10: | ||
{{#display_map: 58.75101298574073,7.8151543163395445~Sikkemoodden Bygland}} | {{#display_map: 58.75101298574073,7.8151543163395445~Sikkemoodden Bygland}} | ||
[[Kategori:Frøyrak]] | |||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
Siste versjonen frå 19. oktober 2023 kl. 17:07

Foto: Geir Daasvatn
Sikkomodden stikk ut i Byglandsfjorden rett sør for busetnaden på Frøyrak i Bygland. Her låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var etter segna grava til Frutti Frøyrak. Ei stor steinhelle som kan ha vore dekke over gravkammeret vart teken vare på, og står oppreist nær staden der grava var. Her vart det seinare (ved harving) funne ei ringspenne av bronse.
På Sikkomodden sat spelemennene på Spelemannssteinen og spelte medan folk dansa på vollen nedanfor.