Bjørn Mikal Lothe: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Siri J (diskusjon | bidrag)
 
(3 mellomliggjande versjonar av 3 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
'''Bjørn Mikal Lothe''' (fødd [[31. mars]] [[1952]] i [[Lofthus]], død [[30. april]] [[2009]] i Lofthus) var i 1979 redaktør av [[Setesdølen]] saman med [[Paal Vollen]]. Dei vikarierte for [[Sigurd Haugsgjerd]], som hadde permisjon for å arbeide i [[NRK]].
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 31| fmåned = 3| får = 1952| ddag = 30| dmåned = 4| dår = 2009| skjulfødselsdag = }}
'''Bjørn Mikal Lothe''' (fødd 31. mars 1952 i [[Lofthus]], død 30. april 2009 i Lofthus) var i 1979 redaktør av [[Setesdølen]] saman med [[Paal Vollen]]. Dei vikarierte for [[Sigurd Haugsgjerd]], som hadde permisjon for å arbeide i [[NRK]].


Etter realskule i Øystese tok han rekneskapsutdanning ved Sogne Jord- og Hagebruksskule i Aurland før han kom til [[Bygland]] som rekneskapsførar på bøndene sitt rekneskapskontor. Sidan tok han eit år med økonomi og ressursforvaltning på Høgskulen i Nord-Trøndelag. Då han kom tilbake til Hardanger, var han jordbrukssjef i Ullensvang og Eidfjord. Han fungerte og som teknisk sjef i kommunen i lange periodar.
Etter realskule i Øystese tok han rekneskapsutdanning ved Sogne Jord- og Hagebruksskule i Aurland før han kom til [[Bygland]] som rekneskapsførar på bøndene sitt rekneskapskontor. Sidan tok han eit år med økonomi og ressursforvaltning på Høgskulen i Nord-Trøndelag. Då han kom tilbake til Hardanger, var han jordbrukssjef i Ullensvang og Eidfjord. Han fungerte og som teknisk sjef i kommunen i lange periodar.
Line 11: Line 12:


{{DEFAULTSORT:Lothe, Bjørn Mikal}}
{{DEFAULTSORT:Lothe, Bjørn Mikal}}
[[Kategori:Personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1952]]
[[Kategori:Fødsler i 1952]]
[[Kategori:Dødsfall i 2009]]
[[Kategori:Dødsfall i 2009]]

Siste versjonen frå 25. april 2022 kl. 14:03

Bjørn Mikal Lothe
Født: 31. mars 1952
Død: 30. april 2009 (57 år)

Bjørn Mikal Lothe (fødd 31. mars 1952 i Lofthus, død 30. april 2009 i Lofthus) var i 1979 redaktør av Setesdølen saman med Paal Vollen. Dei vikarierte for Sigurd Haugsgjerd, som hadde permisjon for å arbeide i NRK.

Etter realskule i Øystese tok han rekneskapsutdanning ved Sogne Jord- og Hagebruksskule i Aurland før han kom til Bygland som rekneskapsførar på bøndene sitt rekneskapskontor. Sidan tok han eit år med økonomi og ressursforvaltning på Høgskulen i Nord-Trøndelag. Då han kom tilbake til Hardanger, var han jordbrukssjef i Ullensvang og Eidfjord. Han fungerte og som teknisk sjef i kommunen i lange periodar.

Bjørn Mikal Lode representerte SV i kommunestyret i Ullensvang og var medlem av formannskapet. Han var fylkestingsmedlem for SV i Hordaland i 16 år og medlem av fylkesutvalet i 10 år og gruppeleiar for SV desse åra. Han var varamann til Stortinget og møtte nokre gonger i perioden 2003 til 2005. Han var nestleiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag i mange år før han blei med i hovudstyret og medlem av forhandlingsdelegasjonen i samband med det sentrale jordbruksoppgjeret.

Han var gift med Tone og dei hadde fire vaksne barn.

Kjelde

  • Sigurd Haugsgjerd: Bjørn Mikal Lothe til minne. Minneord i Setesdølen 5. mai 2009 side 2.