Ole Magne Omdal: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Oppdatert med stortingsval 2017
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Artikkel i fvn
 
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
Line 7: Line 7:


Han tok ikkje attval ved [[kommunevalet 2011]] og avslutta ordførarvervet etter 16 år. Deretter starta han i eit vikariat som rektor ved [[KVS Bygland]], før han altså flytta til Kristiansand.
Han tok ikkje attval ved [[kommunevalet 2011]] og avslutta ordførarvervet etter 16 år. Deretter starta han i eit vikariat som rektor ved [[KVS Bygland]], før han altså flytta til Kristiansand.
Ole Magne Omdal har vore engasjert i Normisjon og har hatt fleire verv i Region Agder.


== Kjelder ==
== Kjelder ==
Line 17: Line 19:
==Sjå også==
==Sjå også==
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Ole_Magne_Omdal Ole Magne Omdal på Wikipedia]
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Ole_Magne_Omdal Ole Magne Omdal på Wikipedia]
 
*[[Kjetil Reite]]: ''Jeg vill sikkert skuffe og provosere noen''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] [[22. august 2019]] side 10


{{DEFAULTSORT:Omdal, Ole Magne}}
{{DEFAULTSORT:Omdal, Ole Magne}}

Siste versjonen frå 22. august 2019 kl. 23:33

Ole Magne Omdal
Født: 16. mai 1956 (69 år)

Ole Magne Omdal (fødd 16. mai 1956) er prosjektleiar hos Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, og busett i Kristiansand. Han var 1. kandidat på lista til Vest-Agder Senterparti til Stortingsvalet i 2017, men blei ikkje vald inn på Stortinget.

Ole Magne var i 16 år ordførar i Iveland kommune, eit verv han gjekk inn i etter valet i 1995. Han budde lenge på Frigstad, før han overlet garden til sonen og flytta med kona til Kristiansand. Før han vart ordførar, var han rådgjevar for næringssaker hos Fylkesmannen i Aust-Agder. Han hadde eit sterkt engasjement for næringssaker i heile sin periode som ordførar i Iveland. Viktig var også hans engasjement for å auke folketalet i kommunen, mellom anna med å få personar frå Nederland til å flytte til Iveland. Arbeidet med å legge til rette for at folk kunne få kjøpe større tomter når dei skulle bygge hus, var også ein suksess i kommunen i hans tid som ordførar.

Ole Magne Omdal var sterkt oppteken av at kommunen skulle få ein god utbyggingsavtale i samband med Agder Energi si utbygging av Iveland kraftverk. Då den avtalen var signert, sa han til Setesdølen: -Det er eitt av dei stoltaste øyeblikka eg har opplevd i mine snart 16 år som ordførar.[1]

Han tok ikkje attval ved kommunevalet 2011 og avslutta ordførarvervet etter 16 år. Deretter starta han i eit vikariat som rektor ved KVS Bygland, før han altså flytta til Kristiansand.

Ole Magne Omdal har vore engasjert i Normisjon og har hatt fleire verv i Region Agder.

Kjelder

Referansar

  1. Sigurd Haugsgjerd: -Kraftutbygging gir eit løft. Artikkel i Setesdølen nr. 68, 2010 fredag 13. august 2010

Sjå også