Gamlestog
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Gamlestog er det ein kallar den eldste delen av stogehusa på gardane i Setesdal. Ofte er det då tale om ei årestoge (røykstoge) frå 1500- eller 1600-talet. Stoga hadde eit tredelt grunnplan. Mellom langsidene var det lafta ein delevegg. Det rommet ein fekk der, var igjen delt i to med ein skillevegg av bord – forstoge og klave.
Inngangen var på langsida. Ein kom då først inn i forstoga, og derifrå inn til stoga. Frå stoga gjekk ei ny dør inn til klaven. Alle veggane, unnateke bordveggen mellom forstoga og klaven, var av tømmer.
Midt på golvet låg åren. Det var ei samling stein der folk gjorde opp eld.
Den einaste kjende gamlestoga i Valle med findalslaft er Gamlestog Nordigard Rygnestad.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 2, Valle kommune, 1994, side 20–28
- Torfinn Normann Hageland, Gamal byggjeskikk i Eiken sokn, utgjeve av Vest-Agder-museet, 2024, side 11
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.