Vonheimkoret

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Vonheimkoret blei oppretta i kjølvatnet av bygginga av bedehuset VonheimBygland i 1988. Gunveig Viki har vore dirigent i frå om lag 1998, Jon Kåre Vederhus, som var styrar på Byglandsheimen, var dirigent før henne. Astrid Nordgarden har vore ein sentral person i koret og også vore dirigent i periodar. Britt Haugen har vore pianist heilt frå starten.

Repertoaret er salmer og sanger på norsk. Vonheimkoret deltek på møter og gudstenester først og framst i Bygland, men også i nabokommunane. I 2018 er det med 16-17 personar, men gjennomsnittsalderen er noko høg, men dei musikalske leiarane er flinke til å finne stoff som passar for medlemmene slik at dei både maktar det og har noko å strekkje seg etter. Øving er på måndagane annankvar veke.

Kjelder[rediger]