Vidar Lunden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Vidar LundenSymbol unrelated.svg
Vidar Lunden.jpg
Født: 5. oktober 1949 (70 år)

Vidar Lunden (fødd 5. oktober 1949 i Kristiansand) var rektor på Hylestad skule frå 1998 til 2003. Han vaks opp i Torridal, budde i Fyresdal i fire år og Åmli i tre år før han kom til Vigeland i Lindesnes. Han tok eksamen artium på Mandal gymnas i 1969. Frå 1971 til 1973 tok han lærarutdanning ved Kristiansand Lærerhøyskole, deretter tok han småskolepedagogikk. Sidan skaffa han seg tilleggsutdanning i Kunst og håndverk og Skolebibliotekkunnskap på Kristiansand Lærerhøgskole, pedagogisk utviklingsarbeid på Norsk Lærerakademi, sosialpedagogikk og endeleg tok han Universitetet i Tromsø sin skolelederutdanning.

Før han kom til Hylestad hadde han vore lærar på Hunsfoss skole i Vennesla, Nyplass skole i Lindesnes og Berge barneskole i Lyngdal, der han var frå 1979 til 1998. Etter at han hadde vore fem år på Hylestad skule, var han rektor på Spangereid skole i Lindesnes to år. Så vart han lærar eitt år på Berge barneskole i Lyngdal. Den siste jobben han hadde var som rektor på Å barneskole i Lyngdal frå 2006 til 2012. Sommaren 2012 vart han pensjonist.

Fritid[rediger]

Vidar Lunden har alltid vore glad i å synge i kor. Han var med som bassongar i Mandal kantori fra 2004 til 2015 då han gjekk av for aldersgrensa i koret. Med koret har han delteke i mange ulike konsertar rundt om på Sørlandet og nokre i utlandet. I 2008 vann Mandal kantori 1. pris i ein internasjonal korkonkurranse i Riva del Garda i Italia. Dei har og ofte prosjekt saman med Kristiansand symfoniorkester og eit par-tre kor i Kristiansand der dei framfører større kyrkjemusikalske verk. I tillegg har koret svært variert repertoar. Nå syng han i eit lokalt kor heime i Lyngdal i tillegg til at han syng i Trio Mix, ein trio bestående av ei damestemme og to mannsstemmer.

Elles er Vidar Lunden svært interessert i friluftsliv med fotturar, skiturar, fisketurar og løping i skog og mark. Det siste førte til at han starta opp orienteringsgruppa og var aktiv i orientering i Lyngdal frå 1980 til 1998.

Familie[rediger]

I 1970 gifta han seg med Anne Marie Lunden. Dei har tre born, tre svigerborn og er besteforeldre til seks, to jenter og fire gutar. Ofte tek dei ein tur til USA, der eldste sonen bur.

Kjelde[rediger]

  • Informasjon gitt i brev frå Vidar Lunden 24. april 2013