Vassend gravhaug

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravhaugen på eigedomen til Sveinung Svenningsen, rett ved Riksveg 9 sør for Byglandsfjord.

Vassend gravhaug ligg inntil og på sørsida av gardsvegen inn til Vassend gnr. 69 bnr. 5 heilt sør i Bygland. Han er ein rundhaug, klart markert, bygd av jord og stein. Han er avflata på toppen. Rundt haugen kan ein følge ein steinmur, kanskje etter tidlegare potetkjellar. I sør-austre kant går ei steintrapp ned frå haugen. Det veks nokre større bjørketre og gras på haugen. Diameter er ca 11 meter, høgda 1,5 meter. Ved registrering i 1958 fekk E.K. Hougen opplyst av Knut Vassend at det var påkøyrd jord og at haugen var påpynta, men at det alt då var haug på staden. Det blei også ved same høvet opplyst at det hadde vore to haugar vest for den registrerte, men at dei var blitt øydelagde då jernbanen kom her.

Kjelder

Kart

Laster kart...