Valle Vekst
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valle Vekst er eit utviklingsselskap etablert i 2009 med formål å drive sal og utleige av fast eigedom. Bak selskapet står Bergsam, Knut Hovet Installasjonar, Setesdalsbygg, T. Bjørnarå og Nomeland Anlegg.
Selskapet sette opp rekkehus med fire bustader på jordet nord for Coop Rysstad i 2014. Alle desse vart selde. I 2016 7 fullførte dei bygget der Valle Ambulanse held til og som også har ein bustad i sørenden av bygget. Til dette fekk selskapet 200.000 kroner i støtte frå Setesdal Regionråd, noko som vart grunngjeve med at «stasjonen gjev tryggleik, aukar rekrutteringa til bransjen og gjev arbeidsplassar»[1].
Kjelder
- Ole Birger Lien: Vil satse meir i Rysstad sentrum. Artikkel i Setesdølen nr. 12, 2017 side 4
- -Viktig for regionrådet å støtte dette prosjektet. Artikkel i Setesdølen nr. 12, 2017 side 4
- Om selskapet hos proff.no
Referanser
- ↑ Signe Sollien Haugå under opninga av ambulansebygget