Tufteparken Evje

Tufteparken Evje er ein utandørs aktivitetspark på Evje stadion nær Evje sentrum. Han stod ferdig i august. men vart offisielt opna 30. september 2015. Parken er eit lågterskeltiltak for uorganisert fysisk aktivitet og folkehelse. Han er bygd med ei rekke fastmonterte apparater, med mjukt underlag av bark så det ikkje er vondt å ramle ned, etter eit konsept utvikla av Lasse Tufte. Alle kan bruke han, og det er ingen krav til organisering eller faste treningstider.
Otra IL er eigar av anlegget, som kosta omlag 400.000 kroner å bygge. Etter at tilskot av spelemidlar frå Staten, eit omfattande dugnadsarbeid, rabattar og gåver frå bedrifter og andre var trekte frå, var «restkostnaden» for idrettslaget rundt 36.000 kroner. Prosjektleiar for bygginga i Otra IL var Stefan Wassengen.
Evje og Hornnes Sanitetsforening gav 10.000 kroner i støtte til bygginga av parken.
Kjelder
- Tufteparken Evje - Fra drøm til virkelighet - artikkel om Tufteparken på heimesida til Otra IL
- Stefan Wassengen, personlig samtale med Geir Daasvatn 23. august 2015
- Sigurd Haugsgjerd, Fastelavensris til lokalt arbeid, artikkel i Setesdølen nr. 9, 2016, side 7