Træletveit gravfelt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Røysfeltet på Træletveit 17. oktober 2024.

Træletveit gravfelt ligg på grunnen til Gausi (gnr. 31 bnr. 3) på Træletveit i Åraksbø. I feltet er det registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Tre av røysene er svært tydelege og klart definerte. Dei andre fire er noko mindre og ikkje like openbare. Feltet har vore kjent i Bygland, men blei først i oktober 2024 undersøkt av fagfolk og registrert som kulturminne. Gravfeltet er automatisk freda kulturminne, med ID 317686.

Kjelder

  • Emma Norbakk, Arkeologisk befaringsnotat, Træletveit, Åraksbø gnr. 31 – Bygland kommune, Agder fylkeskommune, 2024

Gravrøysene

Kart

Laster kart...